Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Flora

Farvatnet utanfor Florø har kravd mange menneskeliv. Dette biletet er måla av Edvard Skari (1839-1903) og har tittelen Frisk seilas ved fyret. Vi kjenner att Stabben fyr.

Farvatnet utanfor Florø har kravd mange menneskeliv. Dette biletet er måla av Edvard Skari (1839-1903) og har tittelen Frisk seilas ved fyret. Vi kjenner att Stabben fyr.

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne og ulukker under særskilde omstende tekne med. Kjeldematerialet for Flora kommune har vore mangelfullt, og difor er ikkje dette oversynet komplett.

Likvika ved Rognaldsvåg

Ei segn vil ha det til at det ein gong kring 1800 stranda det ei nederlandsk seglskute i Likvika ved Rognaldsvåg. Mange av mannskapet låg då daude ombord. Truleg hadde dei vorte råka av ein pest – truleg kolera. Segna seier at berre to av mannskapet overlevde hendinga. Lika vart gravne ned i ei myr, og det vart sett steinheller til merke på gravene. Skipsvraket vart sett i brann for å hindre smitten i å spreie seg. Etter denne hendinga har staden sidan vorte kalla Likvika.

Batalden sett frå Rognaldsvåg. Like vest for øya omkom seks engelskmenn i 1857. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Batalden sett frå Rognaldsvåg. Like vest for øya omkom seks engelskmenn i 1857. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mannskap omkom av frost

I 1857 forliste den engelske briggen ”Palermo” utanfor Batalden. Dei fleste av mannskapet hadde truleg omkome av frost, for dei var fastsurra på postane sine om bord på seglskuta. Seks omkomne vart berga i land, og alle vart gravlagde på Kinn.

Drepne av kval

På slutten av 1800-talet vart ein robåt med far og son om bord kvelva av ein kval i Skorpefjorden. Kvalen gjekk i ein sildestim då den rende i båten. Dei to, som var heimehøyrande i Esøysundet, kom seg opp på båtkvelvet og vart berga i land, men faren døydde like etter av strabasane.

1898

I 1898 drukna ein mann frå Norddalsfjorden då ein båt med tre menn om bord gjekk rundt på Fiskevatnet i fjella nord for Norddalen.

Hurtigruteskipet Astra gjekk på Grasskjeret og sokk i 1910. Til venstre ser vi Stabben fyr, medan Grasskjeret er like til venstre for fiskebåten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hurtigruteskipet Astra gjekk på Grasskjeret og sokk i 1910. Til venstre ser vi Stabben fyr, medan Grasskjeret er like til venstre for fiskebåten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1910

I 1910 gjekk hurtigruteskipet ”Astra” frå Det Bergenske Dampskipsselskap på Grasskjeret ved Stabben fyr og sokk. Alle ombord vart berga.

1911

I 1911 drukna to unggutar då dei rende seg på ei flu tett utafor Havreneset.

1917

I 1917 drukna fem fiskarar som var heimehøyrande inne i fjordbygdene kring Eikefjord, då dei gjekk seg opp på Garbåane like nord for Ytterøyane fyr med ein gavlbåt.

Ein fiskar frå Askrova på veg til hamn etter endt fiske. Faremomenta er mange for dei som har levevegen sin på havet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein fiskar frå Askrova på veg til hamn etter endt fiske. Faremomenta er mange for dei som har levevegen sin på havet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidleg på 1920-talet

omkom ein mann frå Askrova då fiskebåten som han var mannskap på, fekk garnet i propellen og dreiv i land ved Ytterøyane fyr.

ca. 1921

Ca. 1921 omkom eit ektepar og sonen deira ved Sandøya like ved Nærøya då båten deira kollsigla. Dei dreiv truleg med høyberging då ulukka bar til.

1925

3. juledag 1925 omkom ein av mannskapet då D/S ”Hornelen” frå Fylkesbaatane gjekk på eit skjer ved innseglinga til Svanøybukt. Dei 20 andre av mannskapet og 27 passasjerar berga seg i land.

1937

I 1937 drukna far og son då dei gjekk gjennom isen på Sunndalsvatnet i Norddalen.

Fire drukna ved Svanøy

I 1937 drukna fire menn frå Engebø, Vevring og Kvellestad ved garden Kvalstad på Svanøy. To fiskebåtar var på veg ut Stavfjorden då den eine fekk motorstopp. Båten dreiv inn mot land, og dei fire omkomne ville berge seg i land i liten robåt då dei kom bort. Tre brør som nytta ein annan båt, berga seg i land i live.

Her ved Kvalstad på Svanøy drukna fire menn i 1937. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her ved Kvalstad på Svanøy drukna fire menn i 1937. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1945

I januar 1945 omkom 94 menn av mannskapet på malmskipet ”Dora Fritzen” då det vart torpedert av norske MTB-ar like sør for Florø. – Les meir om dette under ”Krigshistorie”.

Den 1. september 1945 vart alle dei 20 om bord drepne då den hollandske lektaren "Thekla" eksploderte ved Oddane då den var på veg for å dumpe ammunisjon frå dei tyske forta i Florø. – Les meir om hendinga under ”Krighistorie”.

1949

I 1949 omkom tre menn, to brør og onkelen deira, alle frå Rogndalsvåg, då motorbåten deira gjekk seg på eit skjer ved Nærøya. Leitemannskapa fann korkje folk eller båt att - berre mindre vrakrestar.

Den britiske trålaren Laforey som forliste ved Sendingane i 1954.

Den britiske trålaren Laforey som forliste ved Sendingane i 1954.

20 engelskmenn forliste

I februar 1954 omkom heile mannskapet på 20 menn då den britiske trålaren ”Laforey” forliste ved skjera Sendingane nordvest for Ytterøyane fyr. Ulukka hende om natta, og den første leitinga i grov sjø og snøkave var nyttelaus. Dagen etter vart det skote redningsline om bord i havaristen, men det var ingen teikn til liv. Like etter sokk skipet. Berre to av dei omkomne vart funne att. I 2010 vart vraket funne av dykkarar, og i 2011 vart skipsklokka frå ”Laforey” teken med til England og overlevert til heimbyen Grimsby. Der skal den stillast ut i eit fiskarkapell i rådhuset. På Fanøy vart det same året avduka eit minnesmerke der ankeret frå trålaren er ein sentral del.

1957

I 1957 drukna faren og den 17 år gamle sonen hans ved Litlebatalden då ein brotsjø fylte båten slik at den sokk.

1971

I 1971 omkom to born – eit tvillingpar – i ein husbrann i Gaddevågen i Florø.

På slutten av 1970-talet

drukna to unge gutar frå Florø då dei forliste i ein plastbåt på veg til frå Svanøy til Florø.

1980

Om ”Solnes”-forliset på Stavfjorden i 1980 då fem menn omkom – sjå Ulukker i Solund.

Tidleg på 1980-talet

omkom ein ung mann, og fleire ungdomar vart skadde, då dei med ein hurtiggåande båt navigerte feil i Ålvårsundet nord for Stavøya og rende båten på land.

1985

I 1985 miste tre ungdomar frå Svelgen livet i ei trafikkulukke på riksvegen like sør for Magnhildskar-tunnelen.

2005

I desember 2005 omkom ei mor og den ni år gamle sonen hennar i ein husbrann i Krokane.

Farvatnet rundt Florø kan vere lunefullt og farleg, men det kan og vere eit fredeleg eventyrrike når godveret slår til. Her er vi i Veiesundet og ser litt av Florø i nordvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farvatnet rundt Florø kan vere lunefullt og farleg, men det kan og vere eit fredeleg eventyrrike når godveret slår til. Her er vi i Veiesundet og ser litt av Florø i nordvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.10.2011