Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdoms- og idrettshuset Fram

Fram.

Fram.

Fram.

Fram.

Ungdoms-og idrettshuset «Fram» vart bygd som lokale for IOGT-losjen «Værn» i Florø i 1893. Nynorsk-losjen «Landkjenning», skipa 1903, vart medeigar. Huset vart seld til Florø Turn og Idrettsforening då fråhaldsfolket bygde seg anna møtelokale, «Breidablikk» ved sjukehuset.

«Fram» var det viktigaste forsamlingshuset i byen heilt til Florø Samfunnshus stod ferdig i 1978. «Fram» vart rive i 1991.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011