Hopp til innhold
X
Innhald

Vårsild-eventyret

Silda gav arbeid til mange. Desse sildearbeidarane er fotograferte på Kinn i 1915.

Silda gav arbeid til mange. Desse sildearbeidarane er fotograferte på Kinn i 1915.

Storsildfisket - eller vårsildfisket - har gjennom historia skapt velstand og vekst - men også svolt og ruin for kystfolket når det årvisse innsiget svikta. Kinn og Florø har opplevd begge deler, fleire gonger.

På 1500-talet viser skattelistene at fiskarbønder på Floralandet og i øyane var dei mest velståande i Sunnfjord, og grunnen var det rike sildefisket på den tida. Også kring 1700 var det rikt fiske kring Kinn. Dette tok brått slutt i 1758, men frå 1811 og i ti-åra som fylgde, skapte silda eit nytt «Klondyke» kring Kinn.

I åra frå 1811 til 1873 opplevde Sunnfjord-kysten eit av dei rikaste fiskeria som ein kjenner frå Norges-historia. Medan det elles i året budde berre nokre hundre menneske ute i øyane, kunne det i toppåra vere samla opptil 13.000 fiskarar som trengde seg saman i ørsmå havbuer og sov under båtkvelva dei kalde vinterdagane i februar og mars medan silda fløymde inn mot strendene. Det vert fortalt at silda stod så tett at den rende seg i store dungar inn på land når den trengde inn på vågane.

Dobling av folketalet på 10 år

Etter fleire tiår med dårleg fiske, kom silda først tilbake til sørlege Vestlandet i 1808. Frå 1811 betra fisket seg i Sunnfjord. Toppåra kom frå 1850 og utover, då kysten frå Bulandet til Kalvåg hadde hovudtyngda. I åra frå 1845 til 1875 voks folketalet i Kinn og Florø frå 2681 til 5025 menneske - altså nær halvparten av folketalet i storkommunen Flora i dag!

I samband med 150-årsjubileet til Florø i 2010 vart ein skulptur av ein sildegut avduka. Skulpturen er laga av Nina Nesje. Foto: Simon Solheim, NRK.

I samband med 150-årsjubileet til Florø i 2010 vart ein skulptur av ein sildegut avduka. Skulpturen er laga av Nina Nesje. Foto: Simon Solheim, NRK.

Innover fjordane grodde det opp ei mengd tønnefabrikkar, og særleg i Eikefjord, Dalsfjorden og Gaular vart tønnefabrikasjon «heimeindustri» på dei fleste gardar. Fiskarar og oppkjøparar frå heile Sør-Norge lokkast i hop, og bønder langt inn i øvste Viksdalen og Jølster slo seg saman i notalag. Fjordabøndene reiv ofte eit høveleg tømmerhus på heimegarden som dei sette opp som rorbu og overnattingsstad ute i øyane. Fiskarar sørafrå tok med seg eigne losjibåtar. I 1868 låg det 500 slike kring øyane i Kinn.

Med halvrotna sild til Bergen

Frå gamalt av var det vanleg å føre sildefangstane i fersk tilstand til salting i Bergen. Det er lett å forstå at sildefengda neppe kunne kallast fersk når karane etter fleire dagars stri rotur frå Kinn la til Bryggja i Bergen! Bergens-kremmarane trekte dugeleg for dårleg kvalitet, og fiskarane fekk lite att for slitet.

Men på slutten av 1700-talet kom forbod mot føring av fersk sild over lengre avstandar. Då vart Bergens-trafikken avløyst av lokal sildesalting i fiskeværa, der kvinnene oftast stod for kverking og salting i tønner. Ein stor del av saltebuene langs kysten vart no bygde av byborgarar frå Bergen og Stavanger. I alt 127 saltebuer i Sogn og Fjordane var eigde av byborgarar i 1862.

Sild blir lagt i tønner.

Sild blir lagt i tønner.

Florø vert by med sild i bymerket

Midt på 1800-talet hende fleire ting som gjorde at distriktet frigjorde seg frå Bergens-herredømet: Handelsprivilegia vart avvikla i 1840-åra og kjøpmenn kunne etablere seg fritt utan å løyse borgarbrev i næraste by. Nordre Bergenhuus Amt Baade – Fylkesbaatane - vart skipa i 1858 og gjorde at varehandelen mellom by og land gjekk friare. Og ikkje minst: Fylket fekk i 1860 sin første by, plassert ved den gode hamna på Floralandet, og tett ved dei rike fiskefelta kring Kinn. Sildefiskeria var avgjerande for at Florelandet vart valt og Florø vart ladested eller by. Byen fekk naturleg nok tre silder i byvåpenet.

Dei tre sildene i det første byvåpenet går att i dagens kommunevåpen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei tre sildene i det første byvåpenet går att i dagens kommunevåpen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011