Hopp til innhold
X
Innhald

Vassforsyninga til Florø

Drikkevassbassenget på Storåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Drikkevassbassenget på Storåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Heilt frå Florø by vart skipa i 1860 og ut heile hundreåret, var vassforsyninga noko av det som vart diskutert oftast i bystyret. I alt var vassaka oppe i bystyret 120 gonger.

I tørkeperiodar måtte folk som budde nede i byen gå den lange vegen til Storevatnet for å hente vatn. Men Storevatnet vart samstundes nytta til klesvask, og helserådet murra. I 1893 vart det lagt leidningar frå ein brønn ved Likkjeåsen til to vasspostar nede i sentrum, og seinare vart dette første nettet utvida med to vasspostar til.

Sladder ved vasspostane

Ved vasspostane samlast byfolket kvar dag til både vasshenting og ein god sladder. Men då forfattaren Ole Wilhelm Fasting skreiv ei skjemtande novelle om slarvet kring vassposten i Florø, vekte det ålmenn harme mellom florøværingane!

Vassverk på Storåsen

Først i 1910 fekk byen eit skikkeleg vassverk med basseng på Storåsen. Men sjølv om ein grov grøfter for å samle vatn i bassenget på Storåsen, heldt ikkje dette i tørkeperiodar. I 1912 vart det difor intallert ei pumpe som pumpa vatn frå Likkjevatnet til bassenget på Storåsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2010