Hopp til innhold
X
Innhald

Veg- og brusamband i Flora

Riksveg 5 mellom Førde og Florø fekk samanhengande gul midtstripe i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 5 mellom Førde og Florø fekk samanhengande gul midtstripe i 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegsambandet mot Førde

Kravet om vegsamband Florø-Førde vart første gong reist i 1891. Vegen vart bygd i fleire etappar, men samanhengande veg Florø-Førde over Ramsdalsheia vart opna først i 1945.

Veg Eikefjord-Vasset-Svardal-Osen

I 1927 vart vegen frå Eikefjord til Vasset fullførd. Først i 1959 var det samanhengande veg frå Vasset om Svardal til Osen.

Vegen mellom Vasset og Svardal går langs Vassetvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen mellom Vasset og Svardal går langs Vassetvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegar på øyane

På øyane Svanøy, Stavøy, Askrova og Fanøy vart det bygt korte vegstrekningar på 1950-talet. På Reksta vart vegarbeidet sett i gang i 1934. I 1990 fekk Tansøy vegsamband med Askrova via ei bru over Galtesundet. Denne brua kan hevast og senkast etter behov.

Brua over Galtesundet mellom Tansøy (til venstre) og Askrova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brua over Galtesundet mellom Tansøy (til venstre) og Askrova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hyeveg i 1962

Vegen frå Storebru i Eikefjord til Hyen i Nordfjord vart opna i 1962. Samanhengande veg frå Florø til Gloppen kom i 1989 med opninga av vegen langs Hyefjorden mellom Hyen og Hestenesøyra.

Vegen Naustdal-Vevring-Stavang-Eikefjord

Vegen frå Vevring til Stavang var ferdig i 1968, og samanhengande veg Stavang-Vevring-Naustdal var ferdig i 1970. Rundkøyringa Naustdal-Vevring-Stavang-Høydalen-Eikefjord kom ved opninga av Osstrupen bru (258 meter) i insted delen av Høydalsfjorden i 1977.

Osstrupen bru mellom Eikefjord og Stavang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osstrupen bru mellom Eikefjord og Stavang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Magnhildskartunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Magnhildskartunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegsambandet Florø-Svelgen

Riksvegen frå Flora mot Svelgen vart opna i 1966 med tunnelen gjennom Magnhildskaret (2895 meter) og med ferje over Norddalsfjorden mellom Haukå og Bjørnset. Samanhengande vegsamband Florø-Svelgen-Ålfoten-Nordfjordeid kom med opninga av ferjestrekninga Stårheim-Isane i 1972. Vegsambandet Florø-Svelgen-Nordfjord var heilt fram til 1987 avhengig av ferjer på strekningane Haukå-Bjørnset i Flora og Isane-Stårheim. Men i 1987 vart ferjesambandet Haukå-Bjørnset avløyst av den 401 meter lange Norddalsfjordbrua.

Norddalsfjordbrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norddalsfjordbrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegsamband til Norddalsfjorden

Arbeidet med å binde saman bygdene i Norddalsfjorden med veg starta i 1933, men først 22 år seinare var det samanhengande veg mellom Norddal og Grøndalen. I 1966 vart det oppretta ei ferjerute mellom Norddal og Bjørnset, slik at folk kunne kome til og frå Norddalsfjorden med bil. I 1977 var det bygt veg fram til Haukå, då vart den gamle ferjekaien i Norddal lagd ned, og det vart ein kortare ferjetur mellom Haukå og Bjørnset. Først då Norddalsfjordbrua stod klar i 1987 vart det ferjefritt samband med omverda.

Vegen til Norddalsfjoden med Norddal kyrkje i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen til Norddalsfjoden med Norddal kyrkje i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stavøya landfast

Det trange Stongasundet mellom Stavøy og fastlandet fungerte i gamle dagar som ei indre kystlei, og her låg den gamle handelsstaden og skysstasjonen Hellevik. Den 173 meterlange brua over Stongasundet vart opna i 1990 og knytte Stavøya til fastlandet og Stavang.

Stongasundet bru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stongasundet bru. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010