Hopp til innhold
X
Innhald

Vest Elektro A/S

Vest Elektro A/S på Evja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vest Elektro A/S på Evja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vest Elektro A/S elektroforretning vart starta i Florø i 1970 av Svein og Ingerid Knapstad. I 1983 flytta dei verksemda frå dei gamle lokala i Firdavegen og over i nybygg på Evja. På slutten av 1980-talet tok borna Egil Knapstad og Kari Skogheim Knapstad over firmaet. Vest Elektro er tilslutta Expert-kjeda og har 12 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.11.2009