Hopp til innhold
X
Innhald

Vest Foto

Vest Foto-eigaren Kåre Botnmark tok ei rekkje bilete frå det rike sildefisket utanfor Florø på 1950-talet. Dette er av Bømmeløy frå Bømlo i Sunnhordland, som søkklasta med havets sølv er på veg frå felta ved Sendingane inn til Florø for å levere. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vest Foto vart skipa 1946 av Olav Sande (sjå Forretnings- og industrimannen Olav Sande). Seinare eigarar har vore Kåre Botnmark, Sigrid, Roald og Are Fjellestad og Reiakvam Foto. Ei stor biletsamling av historisk verdi er teken vare på ved Kystmuséet og er tilgjengeleg for publikum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.11.2009