Hopp til innhold
X
Innhald

Victoria Hotell

Victoria Hotell i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Victoria Hotell i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bolette Helmers Olsen starta i 1890 hotell og pensjonat i den tidlegare doktorbustaden ved Fugleskjærskaia. Huset vart seinare vart kjøpt og bygd ut til Fiskarfagskulen i Florø.

I 1902 bygde Bolette ein ny trevilla der Victoria Hotell ligg idag, og dreiv «Olsens Hotell» til 1905. I den romslege hagen var det uterestaurant om sommaren. Frå 1905 til 1913 dreiv Marius Verlo hotellet, Audun Husefest frå 1913 til 1918, og J. Sæther frå 1918 til 1919.

Victoria Hotell i 1959. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Victoria Hotell i 1959. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Halvorsen-familien tok over

Etter skiftande eigarar, overtok Severin Halvorsen frå Tvedestrand hotellet på 1920-talet. Hotellet vart no heitande Victoria Hotell, og var i Halvorsen-slekta til 2008. Hotellet vart utvida i 1929 og midt på 1950-talet. Siste delen av den gamle trebygningen vart riven i 1971 for å gje plass til endå ei utviding.

Nye eigarar

I 2008 selde familien Halvorsen hotellet til eigedomsselskapet Nupen AS på Osterøy, som same året leigde hotellet ut til Choice Hotels Scandinavia AS. Hotellet skifta då namn til Comfort Hotel Florø. Eigedomsselskapet fekk namnet Markegata 43. I 2010 kjøpte Helle Invest AS (Atle, Mads og Ole Johan Helle) frå Førde halvparten av dette eigedomsselskapet. I 2012 overtok Helle Invest AS heile eigedomen. I 2013 starta dei ei utbygging av hotellet med 40 nye rom, slik at det i alt blir 125 rom. Kostnaden blir på 30 millionar kroner.

Kriminaldrama på hotelltaket

Hotellet vart landskjend i 1971 då ein jaga drapsmann heldt byborgarar og pressefolk i ande i mange timar då han i desperasjon flykta ut på hotelltaket for å sleppe unna politiet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.07.2013