Hopp til innhold
X
Innhald

Ytre Fjordane Kraftlag - YFK

Administrasjonsbygget til YFK, no SFE. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Administrasjonsbygget til YFK, no SFE. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1922 overtok Ålfotselskapet (sjå "Ålfotsaka") kraftforsyninga til Florø, og byen vart administrasjonsstad for selskapet.

Då Ålfotselskapet gjekk over ende, vart eignelutane delte mellom fylket og eigarkommunane: Fylket fekk fallrettane i Ålfoten. Kommunane overtok leidningsnettet i Nordfjord og Sunnfjord, og skipa i 1936 Ytre Fjordane Kraftlag. Dette selskapet hadde til samanslåinga med SFE i 2002 administrasjonsstad i Florø, og hadde straumforsyninga til kystkommunane frå og med Askvoll til og med Selje.

Fram til 2. verdskrig dekte YFK straumbehovet frå mindre kraftverk i Selje og Askvoll. I 1947 gjekk selskapet inn som største aksjonær (28 %) i Firdakraft, som bygde ut Yksenelvane i Nordfjord i 1953.

Inn i SFE

I 2002 vart Ytre Fjordane Kraftlag kjøpt opp av SFE – Sogn og Fjordane Energi AS. SFE har hovudkontor på Sandane, men Florø fekk halde oppe ei avdeling av det fusjonerte selskapet.

Driftsstyrarar i YFK:

  • P. Aug. Hysing 1922-1947
  • H.C. Hansen 1947-1958
  • Kristian Riste 1958-1991
  • R. Berg-Rollnes 1991-1993
  • Odd Nes 1993-2001
Frå 2001 har Ole Schanke Eikum vore konsernsjef for SFE.

Les meir om: Kraftforsyninga i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011