Hopp til innhold
X
Innhald

A-K maskiner

A-K maskiner på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A-K maskiner på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

A-K maskiner, forhandlar av traktorar og landbruksmaskinar, etablerte seg i Førde i 1994. Firmaet overtok då Firda Traktor, som var etablert på 1980-talet. A-K maskiner er ei landsomfemnande kjede som forhandlar traktormerka New Holland og Case. Avdelinga i Førde ligg på Øyrane og har 10 tilsette. Avdelinga har ei omsetning på rundt 30 millionar kroner i året.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010