Hopp til innhold
X
Innhald

Alf Berger-Nielsen

Alf Berger-Nielsen fødd 1923, frå Sandnes, busett i Førde. Industrimann.

Alf Berger-Nielsen fødd 1923, frå Sandnes, busett i Førde. Industrimann.

Han grunnla i 1971 konfeksjonsfabrikken Nor-West Sport i Førde. Berger-Nielsen kom frå stillinga som direktør for Blystad Fabrikker i Oslo, som hadde 250 tilsette.

Nor-West Sport hadde opptil 50 tilsette, men måtte p.g.a. konkurranse frå billegimport avvikle i 1982.

Sjå og under:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2010