Hopp til innhold
X
Innhald

Andre verdskrig i Førde

Generalløytnant Karl von Beeren ved bilen sin utanfor huset som var rekvirert frå Jørgen Neverdal. Foto frå boka ”Fronten er kysten”.

Generalløytnant Karl von Beeren ved bilen sin utanfor huset som var rekvirert frå Jørgen Neverdal. Foto frå boka ”Fronten er kysten”.

Førde var eit sentralt kommandopunkt for dei tyske styrkane i Sogn og Fjordane under 2. verdskrig. Fleire stader i Førde vart det bygd militærleirar, og russiske krigfangar vart nytta ved byggginga av kommandosentralen inne i Hafstadfjellet. Om Førde si strategiske rolle under krigsutbrotet i april-dagane 1940: Sjå samleartikkel om 1. verdskrig under Sogn og Fjordane fylke – Det norske forsvaret.

Russiske krigsfangar

Under 2. verdskrig hadde tyskarane ein av dei største leirane sine i Sogn og Fjordane i Førde. Her heldt kommanderande general til, og det vart bygd store militærleirar på Toene ved kyrkja og på Hafstadbakken. Her vart kommandoplassen sprengd inn i bunkers i fjellet. Russiske krigsfangar bygde m.a. veg frå Kronborg til Hafstadbakken. Sidan har denne vegen vorte kalla «Burma-vegen».

Russiske krigsfangar i arbeid på Mo. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Russiske krigsfangar i arbeid på Mo. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Underminerte vegar

Fleire hus i sentrum vart rekvirerte til kontor og forlegningar, m.a. Firda Billag sitt kontorbygg og Sivertsens Hotell i Førde. På innfartsvegane mot Førde var vegane m.a. underminerte med sprengkammer på Langeland og mot Naustdal. I Førde sentrum la tyskarane ut tanks-sperringar. Hafstadbakken og andre stader var væpna med kanonstillingar.

Generalen i Førde

Førde si betydning under 2. verdskrig toppa seg i mars 1943 då generalmajor Karl von Beeren gjorde Førde til hovudkvarter for divisjonskommandoen over 280. Infanterie-Division (høyr radioreportasje ovanfor). Frå Førde leia han også dei tyske stillingane på kysten. I Førde rekvirerte generalen villaen til skulestyrar Jørgen Neverdahl på Hafstad som bustad.

Generalen hadde 4-500 mann under sin kommando i Førde, 700-800 mann i Vågsøy, 4-500 mann i Bremanger, 400-500 mann i Flora, 600-700 mann i Askvoll, 500-600 mann i Hyllestad og 300-400 mann i Gulen.

I september-oktober 1944 vart kommandoen over alle tyske styrkar på Vestlandet lagt under Bergen. Det var oberst Freiherr de Lasalle von Louisenthal som hadde kommandoen i Førde under kapitulasjonen 8. mai 1945. Fenrik Alf Skarstein hadde kommandoen over Heimestyrkane i Førde i mai-dagane.

Hafstadbakken med den såkalla ”Burmavegen” oppe til venstre. På flata til høgre ser vi ei av brakkene tyskarane bygde. Fotoet er teke i 1945 eller 1946 av Dagfinn Reiakvam.

Hafstadbakken med den såkalla ”Burmavegen” oppe til venstre. På flata til høgre ser vi ei av brakkene tyskarane bygde. Fotoet er teke i 1945 eller 1946 av Dagfinn Reiakvam.

Milorgsjef i Sogn og Fjordane, Ragnar Ulstein, kom nokre dagar etter kapituasjonen til Førde for å undersøkje rykta om at den frykta leiaren for Gestapo i Høyanger, Helmut Klötzer og hans medarbeidarar skulle ha gøymt seg forkledde som tyske soldatar mellom styrkane i Førde. Dette viste seg ikkje å vere rett. (Les meir om Klötzer under Høyanger: «Klötzer vert sjef».)

I Førde har kommandobunkeren på Hafstadbakken vore brukt av Forsvaret heilt til 1990-talet, og på Hafstad står tanks-sperringane framleis. På Toene er ei tyskarbrakke framleis nytta som møbelbutikk.

Natur & Miljø på Toene i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Natur & Miljø på Toene i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Medlem av Heimefrontleiinga

Den mest kjende motstandsmannen frå Førde er seinare fylkesmann Nikolai Schei. Han var med i leiinga av den norske Heimefronten. og måtte ein gong rømme ved å hoppe ut eit vindauge i leiligheta si i Oslo for å sleppe unna forfylgjarane. Som embetsmann var Nikolai Schei sjef for Proviant- og rasjoneringsdirektoratet 1943-1945, og dette gav han høve til å knyte mange kontakter og bruke folka sine til kurérteneste.

Folk har samla seg utanfor Førde Handelslag for å høyre radio 8. mai 1945.

Folk har samla seg utanfor Førde Handelslag for å høyre radio 8. mai 1945.

Førde-flygar omkom

Torberg Haaland og Georg Aasen frå Førde var krigsflygarar under 2. verdskrig. Haaland omkom i like etter krigsslutt i ein flystyrt ved Larvik. Aasen heldt fram som offiser i Luftforsvaret.

Fly havarerte ved Steinen

Den 9. februar 1945 rasa eit stort slag mellom tyske og allierte fly over Sunnfjord. Mellom anna havarerte eit alliert fly i sjøen utanfor Steinen. Les meir i artikkelen Luftslaget over Sunnfjord under Naustdal kommune.

Falne og omkomne frå Førde

Fem menn frå Førde miste livet i krigshandlingar eller i tysk fangenskap.

Folk frå Førde i tysk fangenskap

I alt 13 frå Førde sat i tysk fangenskap, 12 av dei kom heim i live.

Helge Bydal overlevde to år i tysk fangenskap og brukte mykje av tida si etterpå til å informere nye generasjonar om det som skjedde i konsentrasjonsleirane. Foto: Dagfinn  Reiakvam.

Helge Bydal overlevde to år i tysk fangenskap og brukte mykje av tida si etterpå til å informere nye generasjonar om det som skjedde i konsentrasjonsleirane. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2011