Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Hjelle

Hjelle Bakeri og Konditori vart lagt ned i 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjelle Bakeri og Konditori vart lagt ned i 2009. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andreas Hjelle starta bakeri ved Langebrua på Hafstad i 1905. Foreldra hans hadde då drive eit lite bakeri i den såkalla ”Flatebua” i nokre år. I 1923 bygde Hjelle eige forretningsbygg med m.a. baker i og kafé på tomta.

Sonen Arne Hjelle tok over i 1947, og etter at Arne Hjelle døydde i 1973 dreiv Oddne Fimland og deretter dottera Arnhild Hjelle Søvde Hjelle Bakeri og Konditori fram til Rolf Gyring og Knut Grane tok over i 1988.

Gyring starta også Torgkaféen i Førde Torg i 1996. Han selde kaféane i 2008, og same året gjekk bakeriet konkurs.

Kaféen vart lagd ned i 2009. Same året vart pizzarestauranten Picasso etablert i lokala.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.11.2010