Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Martinus Sørenson Ramstad

Andreas Martinus Sørenson Ramstad (1860–1943) frå Angedalen. Bonde og initiativtakar til at det i 1914 vart reist eit ”fredsmonument” på riksgrensa mellom Noreg og Sverige ved Magnor.

Han fekk begge landa til å løyve pengar til monumentet, som er utført som to søyler, der to menn står på kvar sin søyletopp og rekkjer kvarandre handa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.11.2007