Hopp til innhold
X
Innhald

Ankerløkken Verft Førde

Verftet sett frå Ulltang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verftet sett frå Ulltang. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ankerløkken Verft Førde vart bygt i 1971 på Øyrane. Det var eigaren og grunnleggjaren av Ankerløkken, Hamar-mannen Ole E. Aaserud, som sjølv tok initiativet til bygging av Førde-verftet. I 1949 hadde han etablert mekanisk verkstad og seinare Ankerløkken Verft i Florø. Der var det ei tid otte for at Aaserud ville satse mest på utvikling i Førde. Slik vart det ikkje, for Ankerløkken bygde etter ei tid stort ut også i Florø.

Verftet i Førde bygde både heile skip og forskip, som etter sjøsetting vart sveisa saman med akterskipet, bygt ved avdelinga i Florø. På det meste hadde Førde-verftet i denne tida 400 tilsette.

Konkurs i 1985

I 1979 kom Ankerløkken-konsernet i store økonomiske vanskar, og regjeringa Odvar Nordli gjekk inn med ein økonomisk redningspakke. Det heldt ei kort tid, men i 1985 vart konsernet slått konkurs, og produksjonen ved verfta stogga. Grunnleggjaren Ole Aaserud vart tvinga ut av leiinga, og tidlegare general Gunnar Giljarhus vart engasjert som «ryddegut». Etter konkursen gjekk Sunnfjord-verfta inn i ei uroleg tid med fleire eigarskifte. Brørne Tore og Bjørn Kjos frå Oslo var ei tid inne og freista å «slakte» konsernet, men mislukkast. Det stabiliserte seg då eit ingeniørselskap med utgangpunkt i Bismo i Gudbrandsdalen kom inn som eigarar. Denne gruppa engasjerte seg først og fremst i Florø.

På lågbluss

Førde-verftet stod på det næraste folketomt i lang tid. Nokre få tilsette med Kjell Foss som dagleg leiar skipa Førde Maritime Industri, som dreiv delproduksjon i mindre målestokk i verkstadhallane. Den mest suksessrike «avleggjaren» av Ankerløkken Førde i denne tida var designselskapet Multi Maritime AS.

Eit forskip under bygging på verftet i Førde. Foto: NRK.

Eit forskip under bygging på verftet i Førde. Foto: NRK.

Nye eigarar

I 1989 kjøpte verftseigar John Kleven frå Ulsteinvik dei to skipsverfta i Sunnfjord. Han hadde nokre år tidlegare kjøpt seg inn i det konkursråka Løland verft i Leirvik. (Sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.) Etter kort tid selde Kleven verfta til Kværner-konsernet i 1991, som samordna dei to Sunnfjord-verfta under leiinga i Florø.

Sjøsetting av eit forskip frå dåverande Kleven Førde. Foto: Randi Indrebø, NRK.

Sjøsetting av eit forskip frå dåverande Kleven Førde. Foto: Randi Indrebø, NRK.

Til no hadde dei to verfta vore to sjølvstendige selskap. No vart Førde-verftet heitande Kværner Florø – avdeling Førde. Etter ein sterk vekstperiode kom Kværner i store økonomiske vanskar på slutten av 1990-talet. Konsernsjef Erik Tønseth vart kasta, og Kjell Almskog tok over som «ryddegut». Han selde unna mange skipsverft i 1999, mellom desse verfta i Florø og Førde. Kjøpar var Kleven-gruppa i Ulsteinvik.

Lagt ned i 2003

No heitte Førde-verftet Kleven Florø AS, avdeling Førde. Skipsverftet i Førde hadde i år 2001 170 tilsette, men la mellombels ned drifta i 2003 på grunn av manglande oppdrag.

Investorgruppe kjøper verftstomta

I 2005 kjøpte den Førde-baserte investorgruppa Ankerløkken Eigedom AS den 86 dekar store verftstomta med bygningar for 21 millionar kroner frå Kleven Florø AS. Kleven Maritime gjorde i 2005 avtale om å leige tilbake skipsverftet for skipsbygging i minst to år etter at verftet sikra seg kontraktar for 1,7 milliardar kroner på bygging av fleire kjemikalietankskip.

Røkke overtek Kleven Florø

I juni 2006 var det klart for eit nytt eigarskifte for Kleven Florø som fekk verknad for aktiviteten ved verftet i Førde: Då overtok Akers Yards med hovudaksjonær Kjell Inge Røkke dei to selskapa Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner. I 2007 kjøpte den koreanske industrigruppa STX 39,2 prosent av aksjane i Aker Yards og fekk dermed såkalla negativ kontroll over selskapet.

Slutt igjen i 2010

I januar 2010 la Kleven Maritime ned drifta på verftsområdet i Førde, og eigarselskapet Ankerløkken Eigedom AS gav seg sjølv to år på å prøve å få i gang ny aktivitet. Lukkast ikkje det, kjem den store hallen truleg til å bli riven og arealet delt og selt.

Stille på verftsområdet i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stille på verftsområdet i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2010