Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Gullestad

Anne Gullestad (1929–1999) frå Kvinesdal, busett i Førde 1979-1988. Skodespelar, instruktør og teatersjef. Debuterte i 1950 på Den Nationale Scene i Bergen.

Anne Gullestad var den første teatersjefen ved Sogn og Fjordane Teater 1979–1988. I denne tida var ho også instruktør for Kinna-kyrkja, segna og spelet, Fimreitespelet og Mostraspelet.

Etter at ho slutta som teatersjef i Sogn og Fjordane, var Anne Gullestad sjef for Riksteatret 1988–1994. Parallellt med dette starta og bygde ho opp Hordaland Teater, der ho var leiar til 1998. Ho tok initiativet og fekk starta kultur- og teaterbåten Innvik. Gullestad gjorde også ein stor innsats for amatørteatra i Noreg.

Riddar av 1. kl. St. Olavs Orden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.11.2010