Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Johanne Kvale

Forfattar av historia om KrF-kvinner i to bøker.

Anne Johanne Kvale fødd 1924 i Angedalen. Busett i Oslo. Sosionom, journalist, KrF-politikar og organisasjonskvinne. Ho starta som journalist i Firda i 1945, og var i 20 år journalist i Kr.f.-avisa ”Folkets Framtid”. Ho arbeidde i 10 år som landssekretær i Norges Bondekvinnelag. Har vore bystyremedlem i Oslo, medlem av tilsynsrådet for Ullersmo Landsfengsel i 20 år og styremedlem i Kriminalomsorg i Frihet.

Forfattar av historia om KrF-kvinner i to bøker.

Anne Johanne Kvale har vore sterkt engasjert i fråhaldsrørsla gjennom Kvite Band, der ho er æresmedlem.

Som kvinnesakskvinne har ho vore engasjert i Kvinners Frivillige Beredskap, og er ærsmedlem i Norske Kvinners Nasjonalråd. Første kvinnelege leiar i Sunnfjordlaget i Oslo, og aktiv bidragsytar til lokalhistoriske skrifter i Sunnfjord.

I 1994 skipa ho ei stifting som skal forvalte eigedomen hennar i Angedalen til ålmenn nytte, og gav ei boksamling på 6000 bind til Førde bibliotek.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 2009.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2010