Hopp til innhold
X
Innhald

Arle Hjelmeland

Arle Hjelmeland. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Arle Hjelmeland. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Arle Hjelmeland fødd 1958 i Førde. Musikar og forretningsmann.

Vokalist, munnspelar og frontfigur i rhythm and blues-gruppa Good Time Charlie, som har vore ei føregangsgruppe for denne musikksjangeren i Noreg. Hjelmeland starta gruppa i 1983. Good Time Charlie gav ut singelplata ”Davy Crockett”/”Come on” i 1988, i 1995 albumet ”Coming Down with the Blues”, seinare kom “Oochie Coochie” (1999), “It´s Alright” (2005), ”Mojo Energy” (2008), “Garage A Go-Go” (2011), "Buldreblues og Blåsus" (2013), "Diamonds" (2014), "Audio Blues" (2014) og "Jubel og skrubbsår" (2015). I 2008 vart Good Time Charlie nominert til Spellemannsprisen. I 2015 vart gruppa tildelt Luttprisen som årets artist frå Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2015