Hopp til innhold
X
Innhald

Åsen og Øvrelid AS

Åsen & Øvrelid har hovudkvarteret sitt på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Åsen & Øvrelid har hovudkvarteret sitt på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Åsen og Øvrelid AS, entreprenørselskap, vart grunnlagt i 1988 av Leif Arne Åsen og Helge Øvrelid, begge frå Jølster. I 1996 fusjonerte selskapet med Brødrene Sunde, og satsa frå då av også på eigedom – Øyrane Eigedom.

Åsen og Øvrelid har bygd m.a. bustadfeltet Hornnes, Hafstad v.g. skule og den karakteristiske gangbrua ved sida av, vegstasjonen på Kronborg, Førde Sjukeheim og fleire store handelsbygg i Førde.

Selskapet har kring 70 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.12.2009