Hopp til innhold
X
Innhald

Åsmund Reikvam

Åsmund Ragnar Reikvam fødd 1944 i Førde, busett i Oslo. Dr. med. og professor, Arbeidarparti-politikar.

Åsmund Ragnar Reikvam fødd 1944 i Førde, busett i Oslo. Dr. med. og professor, Arbeidarparti-politikar.

Dr. med. 1976 og spesialist i indremedisin og hjartesjukdomar 1981. Master of health administration frå UiO 1987. Tilsett ved Ullevål universitetssjukehus før han i 1981 vart tilsett ved Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Her var han m.a. sjeflege 1983–1984 og 1989–1992.

Reikvam har vore leiar for forskingsforum ved Ullevål i fem år, og vart i 1999 utnemnd til professor i hjartesjukdomar ved Universitetet i Oslo, instiutt for farmakoterapi.

Leiar av Norsk forening for farmakoepidemiologi frå 2003. Leiar av forskingsutvalet i Stiftelsen Helse og Rehabilitering frå 1997. Medlem av faggruppe i Norges forskningsråd 2000-2004 og Fellow European Society of Cardiology frå 2000.Internasjonalt har Reikvam m.a. vore styremedlem i ISIS, ein verdsomfemnande organisasjon for hjartespesialistar.

Som forskar har Reikvam gjeve ut kring 200 vitskaplege puklikasjonar. Han var leiar i Sogn og Fjordane Legeforening og medlem av landsstyret i Den Norske Lægeforening 1987–1990. I tida i Førde sat Åsmund Reikvam i to periodar i kommunestyret for Arbeidarpartiet, den siste i formannskapet. Han leia også arbeidet med kommuneplan i Førde og ny helseplan for Sogn og Fjordane.

Bror til Rolf Reikvam.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.03.2008