Hopp til innhold
X
Innhald

Cecilie Castberg Eggen

Cecilie Castberg Eggen fødd 1946 i Oslo, busett i Førde.  Tekstilkunstnar, utdanna ved Statens Lærerskole i forming.

Cecilie Castberg Eggen fødd 1946 i Oslo, busett i Førde. Tekstilkunstnar, utdanna ved Statens Lærerskole i forming.

Ho har delteke m.a. på Distriktsutstillinga, Sørlandsutstillinga, Færøyane og andre kollektivutstillingar. Separatutstilling av kyrkjetekstilar 1985.

Er representert med store tekstilarbeid på Sentralsjukehuset, Sparebanken Sogn og Fjordane, Førde, Flatbygdi skule, Aurland og fleire kyrkjer i fylket.

Ho overtok i 1989 saman med ektemannen Per Eggen den freda Futegarden Bruland, og for restaureringsarbeidet fekk dei fylkeskommunen sin Bygningsmiljøpris 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2010