Hopp til innhold
X
Innhald

Centrum Bensin AS

Centrum Bensin i Shell-bunad. 1. oktober 2007 overtok Best stasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Centrum Bensin i Shell-bunad. 1. oktober 2007 overtok Best stasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1986 overtok Roy Solbakken Shell-stasjonen i Storehagen, som til då hadde vore drive av Bergensfirmaet Auto 1923. Solbakken hadde tidlegare drive som bilforhandlar med firmaet Centrum Bil (hadde agentur for Mazda). Dette firmaet gjekk konkurs, men Solbakken satsa i staden på å drive bensinstasjon og kalla denne for Centrum Bensin AS. I 1997 leigde han drifta vekk til Shell, som dreiv stasjonen til 2007. Då braut mange bensinstasjoneigarar med Solbakken i spissen med oljeselskapet og starta si eiga kjede, Best. I 2010 har denne kjeda 110 stasjonar rundt om i landet. Frå 2007 har stasjonen i Storehagen heitt Best Centrum Bensin. I 2010 er det 16 tilsette og ei omsetning på nær 30 millionar kroner.

Best Centrum Bensin i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Best Centrum Bensin i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010