Hopp til innhold
X
Innhald

Den første distriktslegen

I 2010 held den offentlege legetenesta i Førde til i Røde Kors-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2010 held den offentlege legetenesta i Førde til i Røde Kors-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Christian Bonning Uchermann (1762 – 1844) var den første distriktslegen i Fjordane. Han vart tilsett i 1802, og hadde tilhald i Innvik i Nordfjord. Noko seinare vart stillinga og Uchermann flytta til Førde. Her fekk han m.a. arbeidd med ein epidemi som soldatar hadde drege med seg heim sjå artikkelen Epidemisjukehus i Angedalen). Heilt fram til 1836 var det berre to distriktslegar i heile fylket – ein for Sogn og ein for Fjordane. Distriktslegen for Fjordane hadde i tillegg til Nordfjord og Sunnfjord også ansvaret for store delar av Solund og Hyllestad som den gongen høyrde under Askvoll prestegjeld.

I 1836 vart talet på legar auka til fire. Legen for Sunnfjord hadde då tilhald på garden Tysse i Fjaler. Indre Sunnfjord fekk si spesielle legeordning i 1854, då legen Hammer opna privatpraksis i Førde. I 1857 skjedde det på nytt ei deling av legedistrikta slik at fylket fekk åtte legedistrikt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.11.2010