Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skuleordninga i Førde

Førde barneskule, reist i 1894. Bygningen vart øydelagd av brann i 2003, deretter riven og erstatta av ein ny bygning. Foto: Reiakvam.

Førde barneskule, reist i 1894. Bygningen vart øydelagd av brann i 2003, deretter riven og erstatta av ein ny bygning. Foto: Reiakvam.

Dei første reglane for skule i Førde prestegjeld, den såkalla skulefundasen, vart sette opp i 1743. Konfirmasjonen vart innført i den norske kyrkja i 1736. Det var for å gje konfirmantane eit minstemål av lesekunnskapar at det første norske skuleverket vart organisert i åra som fylgde. I Bergens stift var det trong for 166 skular, og det var prestane som fekk ansvaret for å organisere det første skuleverket. Førde prestegjeld omfatta då både Naustdal sokn og sokna i noverande Førde kommune, d.v.s. Førde, Holsen og Haukedalen. Prestegjeldet fekk dermed fire skuledistrikt, og desse vart igjen delte opp i sju lokalkrinsar for omgangsskule. Dei åtte omgangsskulelærarane som vart tilsette, skula på denne tida omlag ein månad i kvar gardskrins.

Frå omgangsskule til fastskule

Den første faste skulen kom i gang hjå lensmann Johannes Falch på garden Falkenstein på Skei i 1838. Samstundes kom det fastskule i Naustdal. Frå 1844 heldt Førde-skulen til i tingstova i Sjøahola ved kyrkja. Det første skikkelege skulebygget i Førde stod ferdig 1894. Dette bygget stod ved Kyrkjevegen på den same tufta som vert nytta av Førde barneskule i dag. Bygningen frå 1894 vart øydelagd av brann i 2003, og det vart bygt ein ny skulebygning. I Holsen vart det bygd fastskule i 1847. Den stod ikkje så langt frå kyrkja. Då det kom ny skule i bygda, vart det gamle huset flytta lengre fram på stranda og vert i dag nytta som Holsen bedehus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2010