Hopp til innhold
X
Innhald

Den trondhjemske Postvei i Førde

Farsund bru i 2007. Til høgre ser vi restar av gamle brukar. Etter at dette biletet vart teke er det bygt gang- og sykkelbru til høgre for køyrebrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Farsund bru i 2007. Til høgre ser vi restar av gamle brukar. Etter at dette biletet vart teke er det bygt gang- og sykkelbru til høgre for køyrebrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen over Tynningen vart i 1785 avløyst av Den trondhjemske Postvei då denne vart opna mellom Førde, Mo og Vassenden.

Den første tida gjekk postvegen frå Førde mot Vie og med båt frå Soleide til Farsund slik det er nemnt ovanfor. Den første brua over Farsundet ved Movatnet vart bygd omlag 1835-1840. Denne trebrua med steinkar vart nytta fram til 1938. I ein bisperapport frå 1823 vert det opplyst at det også skal ha vore ei mykje eldre bru over Farsundet enn den som vart bygd der på 1800-talet.

Postvegen gjekk på vestsida av Langelandsvatnet og ned mot Førde i skaret ved Hafstadstøylen. Dagens E39 ligg på austsida av vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Postvegen gjekk på vestsida av Langelandsvatnet og ned mot Førde i skaret ved Hafstadstøylen. Dagens E39 ligg på austsida av vatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den trondhjemske Postvei gjekk sørover frå Førde opp Halbrendslia og tok av mot Langelandsvatnet ved Reset. Frå Reset og opp langs vestsida av Langelandsvatnet er postvegen framleis godt synleg og ein mykje nytta turveg. På Langelandsgarden sør for vatnet kom det seinare ein skysstasjon.

Den trondhjemske Postvei gjekk vidare over Bringeland og ned mot skysstasjonen Sveen i Bygstad, der skysstasjonen kunne stille rorskarar til strekninga ut Dalsfjorden til skysstasjonen på Tross i Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.11.2010