Hopp til innhold
X
Innhald

Dvergsdal & Sunde Gruppen AS

Dvergsdal & Sunde Gruppen AS er ei vidareføring av entreprenørselskapet Dvergsdal & Sunde som vart starta på Skei i Jølster i 2003 av André Sunde, Narve Dvergsdal, Trond Dvergsdal og Øyvind Johannesen (sjå under Industri og næring i Jølster).

Selskapet voks seg stort på bustadbygging. Etter nokre år flytta dei hovudkontoret til Sunde i Førde.

I 2011 er det 44 tilsette og ei omsetning på 120 millionar kroner fordelt på selskapa Dvergsdal & Sunde Bygg, Dvergsdal & Sunde Betong og Dvergsdal & Sunde Eigedom. I tillegg eig firmaet 50% av aksjane i Fjordhus og Førde Eiendomsutvikling. I 2011 vart Dvergsdal & Sunde forhandlar av bustader frå Hus 1 Norge, og eig 25% av aksjane i dette selskapet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016