Hopp til innhold
X
Innhald

Ei demning mot fråflytting

Sidan 1970 har det vore ei rivande utvikling på bustadmarknaden i Førde. På dette biletet teke frå oppstiginga til Eikåsnipa ser vi at bustadfelta har krope innover mot Angedalen. I bakgrunnen Slåttebakkane, som vart bygd ut på 1980-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Satsinga på Førde som vekstsenter var svært vellukka: Fråflyttingsstraumen frå Indre Sunnfjord vart vend til folkeauke. I løpet av 1970-talet dobla Førde innbyggjartalet til 5000 personar.

Det draup på "klokkarane" og

I nabokommunane Naustdal, Jølster og Gaular vart det bygd bustadfelt som skulle «fange opp» noko av folkeauken kring senteret, og år 2000 reknar ein med at 3000 personar frå nabokommunane har arbeid i Førde. Førde er mellom dei byane i landet som prosentvis har størst folkeauke. Statistisk Sentralbyrå sine prognosar reknar med at Førde har 14.000 innbyggjarar i 2025.

Mange av dei som bur i dette bustadfeltet i Naustdal har arbeidet sitt i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mange av dei som bur i dette bustadfeltet i Naustdal har arbeidet sitt i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Over snittet på handel og service

På 1980- og 1990-talet var det særleg varehandelen som auka sterkt i fylkessenteret. Sysselsetjingstal frå 1996 viser at Førde då hadde kring 6500 arbeidsplassar, fordelte med 225 i jordbruk, 806 i industri, 393 bygg og anlegg, 1002 i handel, 205 i hotell/restaurant, 508 i transport/tele, 309 i finans/eigedom, 323 i tenesteyting, og i organisasjonar/fritid/interesseorg. 228, og offentlege helse og skule 2270. Over 83 prosent av arbeidstakarane i Førde er sysselsette i såkalla tertiærnæringar – d.v.s. service- og tenesteytande næringar. Det er langt over landsgjenomsnittet på 76 prosent.

Førde har fått fleire handelshua. To av dei er bundne saman med ei gangbru, også kalla skywalk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde har fått fleire handelshua. To av dei er bundne saman med ei gangbru, også kalla skywalk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.11.2010