Hopp til innhold
X
Innhald

Embetsgardane på Skei

Kapteinsgarden på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapteinsgarden på Skei. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Desse gardane er først og fremst kjende som eit senter for kunst og kultur på 1700- og 1800-talet. Her budde diktarar som Andreas Aabel, Kristian Elster d.e. og Kristian Elster d.y., Alhed Schou, Hjalmar Christensen m.fl. Men på gardane har det også budd embetsmenn og sentrale rikspolitikarar som statsrådane Thomas Fasting og Ingolf Christensen. På terrassen kring kyrkja på Skei grodde embetsgardane opp. Førde prestegard var ein av dei største gardane i Sunnfjord, med store jordvidder og verdfulle fureskogar i Førdsmarka.

På dette biletet frå Førdsnipa ser vi ein del av dei gamle embetsgardane i nedre biletkant, til venstre for kyrkja, med Kapteinsgarden lengst til høgre og sorenskrivargarden Volden til venstre. Denne garden har vore prestebustad sidan 1975. Like ved Førdehuset ligg det tidlegare prestegardshuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Prestane var kaksar

Førdepresten Peder Jørgenson Finde (1610-1691) kjøpte alle Skei-gardane i 1672, og slo dessutan under seg store eigedomar elles i bygda. Ei tid eigde han fjerdeparten av all jord i Førde, og han hadde dessutan jordeigedomar spreidd over heile Vestlandet frå Sunnhordland til Møre. I 1678 gjorde Finde eit kupp, då han fekk overta alt ”apostelgodset” i Sunnfjord.

Prestegardshuset som vart bygt i 1924. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Prestegardshuset som vart bygt i 1924. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Men Finde var ikkje den einaste presten som slo seg opp som stor jordeigar i Sogn og Fjordane på 1600- og 1700-talet: I Sunnfjord konkurrerte han med Holmedals-presten Anders Johanssøn Grytten om å vere den rikaste i Sunnfjord. I Sogn rådde prestane Iver Iversen Leganger, Ludvig Chr. Munthe, Anders Daae og Hans Jonasson Leyrdahl over store jordeigedomar, og i Nordfjord var diktarpresten Claus Frimann ein av dei rikaste i fjorden.

Sorenskrivargarden Volden, i dag bustad for presten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sorenskrivargarden Volden, i dag bustad for presten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skeigarden delt opp

Då Finde-slekta var ute, vart Skei gjen delt ut i fleire gardar. I prestegarden kom Søren Hjelm Friis i år mellom 1823 og 1856. Mellom dei 11 borna var det fleire som seinare sette merke etter seg nasjonalt, både i politikken og som vitskapsmenn. – Les meir om Friis-slekta under Biografiar. Dei kjende forfattarane av Fasting-slekta, Georg Fredrik Chr. Fasting og Ole Wilhelm Fasting, hadde også litt av oppveksttida si i prestegarden i Førde. – Les meir om desse under Jølster kommune – Biografiar.

Tycho Jæger: Førde 1852. Jæger har plassert seg med staffeliet sitt i Halbrendslia, og vi kjenner att kyrkja slik ho såg ut på den tida, og tingstova til venstre for kyrkja ved Sjøahola.

Tycho Jæger: Førde 1852. Jæger har plassert seg med staffeliet sitt i Halbrendslia, og vi kjenner att kyrkja slik ho såg ut på den tida, og tingstova til venstre for kyrkja ved Sjøahola.

Eksersisplass og utstillingsplass

Frå 1727 vart Toene lagt ut som eksersisplass for det militære. Kompaniet som heldt eksisen sin på Toene, heitte ”Førdeske Compagnie”. På Toene var det sett opp eit militært lager – eit såkalla telthus. Eksersisplassen var i bruk til kring 1860, og vart seinare m.a. brukt som utstillingsplass ved husdyrutstillingar. Den første hesteutstillinga på Vestlandet vart halden på Toene i 1864. På Toene hadde angedølene rett til hestebeite og stallar der dei kunne setje frå seg hestane medan dei var i kyrkja. Denne eigedomsretten har angdedølene nyleg hevda i samband med utbygging av bustader i området.

Vereutstilling på Toene i Førde i 1962. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Vereutstilling på Toene i Førde i 1962. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Kapteinsgard og fylkesmannsgard

I 1749 kjøpte major Coucheron ein del av prestegarden på Skei. Den utskilde garden vart seinare kalla Kapteinsgarden. På slutten av 1700-talet hadde den seinare marineministeren Thomas Fasting (1769-1841) nokre av oppvekståra sine på Kapteinsgarden. Faren Søren vart nemleg kommanderande kaptein for Førde-kompaniet. Han kjøpte garden i 1767 og busette seg der. Seinare har m.a. fylkesmennene Ingolf Elster Christensen og svigersonen Nikolai Schei eigd Kapteinsgarden, og her sette bror til fylkesmann Christensen, forfattaren Hjalmar Christensen opp si eiga ”diktarstove” som framleis står like ved hovudbygningen.

Familieidyll i det grøne på Kapteinsgarden, truleg på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Familieidyll i det grøne på Kapteinsgarden, truleg på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Falkensten vunne på pokerspel

I 1824 vart ein del av Kapteinsgarden skild ut som eige bruk og kjøpt av lensmann Johannes Falch (1792–1855). Etter lensmann Falch vart garden kalla ”Falkensten”. Lensmann Falch fekk saman med handelsmann Lange bygd Langebrua i 1836. Det gamle hovudhuset på Falkenstein var frå ca. 1770 og vart flytta dit frå sorenskrivargarden i Dale. Falkenstenhuset vart freda i 1924, men vart likevel rive i 1963. Den same lagnaden fekk også ein freda lensmannsgard på Bruland som vart riven i 1970. Distriktslege og diktar Andreas Aabel budde på Falkensten i åra frå 1865 til 1876, og her vart sonen, skodespelar Hauk Aabel, fødd i 1869. Hauk Aabel var far til skodespelaren Per Aabel. I 1872 spelte fehandlar Ole Olsen Berqvam frå Flåm til seg Falkensten under eit pokerlag. Garden har vore i Berqvam-slekta sidan, og som sentrumseigedom vore utgangspunktet for denne slekta si satsing på forretningseigedomar som Berqvam-garden og Handelshuset m.m.

Hovudhuset på Kapteinsgarden i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Kapteinsgarden i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kirkevollen

Garden Kirkevollen ligg vest for kyrkja på Skei og vart frådelt Falkenstein i 1823. Det freda hovudhuset huset er truleg frå 1770 og vart flytta frå Svanøy til Førde. Sidan har m.a. distriktslegar budd i huset. Mellom desse var H.M. Schou som budde der frå 1876. Ektemaken hans, Alhed Schou, skreiv boka om ”Svanøen i Søndfjord”.

Hovudhuset på Kirkevollen er framleis i bruk som bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Kirkevollen er framleis i bruk som bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sorenskrivargarden Volden

Ein annan del av storgarden på Skei vart frådelt i 1811. Denne garden, som vert kalla Volden, var sorenskrivargard for Sunnfjord frå 1855 til 1971. Den har sidan vore prestebustad i Førde. På Volden budde forfattarane Kristian Elster d.e. og Kristian Elster d.y.

Hovudhuset på Volden, i dag er det prestebustad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Volden, i dag er det prestebustad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Driftsbygningen på sorenskrivargarden Volden er bygd om til ungdomsklubb - Løa, også kalla Skrivarløa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Driftsbygningen på sorenskrivargarden Volden er bygd om til ungdomsklubb - Løa, også kalla Skrivarløa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 03.12.2010