Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Førde

Verftet som Ankerløkken etablerte på Øyrane i 1971 var i mange år den største industriverksemda i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verftet som Ankerløkken etablerte på Øyrane i 1971 var i mange år den største industriverksemda i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter startår. Bilforretningane i Førde er med i dette oversynet.

Malmsmelting på Halbrend

Grimmelid Kobberværk starta i 1759 drift på ei koparåre i Grimelid ved Stongfjorden. På grunn av mangel på skog og ved på kysten til å brenne ut malmen med, vart malmen ført med jekter til Halbrend i Førde. Les meir om Grimmelid Kobberværk under Askvoll kommune.

Næring på Steinen

Ole Steen starta kassefabrikk og tønneproduksjon på Steinen.

Aksel Sjurson Grønhaug

bygde i 1879 sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden.

Erik Hagenes landhandel

i Ervik – sjå Aksel Sjurson Grønhaug.

Ervik Saftkokeri

– sjå Aksel Sjurson Grønhaug.

Ein mjølkerampe frå ei tid som er forbi. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ein mjølkerampe frå ei tid som er forbi. Foto: Arild Nybø, NRK.

Bruland Skredderforretning

vart grunnlagd i 1890 av Johan Bruland. I 1938 bygde verksemda butikk og fabrikkverkstad, der det ei tid arbeidde åtte personar.

Dei eldste meieria

Nedre Angedalen Meieri og Indrebø Meieri i Angedalen starta i 1892. Indrebø Meieri hadde eiga meierske og heldt til i eit hus på Indrebø. Om sommaren vart meieridrifta flytta til stølen på Vassbrekka. Dette ”stølsmeieriet” er no restaurert som eit lite museum. Også i nedre Angedalen vart det starta meieri i 1892. I alt kom det på kort tid 10 lokale meieri i dåverande Førde kommune: Grøneng, Gjerland og Hårklau i Haukedalen, Holsen (1898), Masdalen, Sundsdalen og Førde, Vie, Fauske (1899). Frå 1924 slutta dei seg etter kvart til Førde meieri. – Les meir om meieriutbygginga under Førde meieri og under Sogn og Fjordane fylke - kapitla om landbrukshistorie.

Elektrisitetsaksjeselskapet A/S Førde

vart skipa i 1907 med sikte på å byggje ut Halbrendsfossen for å drive ein karbidfabrikk på Halbrendsøyra. – Les meir om dette under Kraftforsyning i Førde i artikkelen Halbrendsvassdraget.

Førde Ullvarefabrikk

vart grunnlagd ved Sagelva på Halbrend i 1918 av Mathias Leivestad (1873–1934) frå Fana.

Kristoffer Bruland

fødd 1888 starta landhandel og tønnefabrikk på Bruland i 1921.

Bruland Pallefabrikk

- sjå Kristoffer Bruland.

Førde meieri

vart grunnlagt i 1923 ved at fleire av dei lokale meierilaga slo seg saman.

Førde Mølle og Sagbruk

med byggjeforretning vart grunnlagt 1926 av A.J. Flaten. Bygdemølla låg nokre hundre meter opp frå utløpet av Jølstra, og er i dag ombygd til kontor. På eigedomen vart det i 2001 bygt bustadkomplekset Førde Brygge.

Førde Sementvarefabrikk AS

Førde Sementvarefabrikk på Bruland er ei av dei største industriverksemdene i Førde og vart grunnlagt i 1930 av Karl Opseth (1896–1964) frå Førde. I dag har sementvarefabrikken avdelingar fleire stader i Noreg.

Førde Sementvare AS

– sjå Førde Sementvarefabrikk AS.

Førde Asfalt A/S

– sjå Førde Sementvarefabrikk AS.

Kolo Veidekke AS

asfaltverk på Øyrane – sjå Førde Sementvarefabrikk AS.

BetoNor AS

– sjå Førde Sementvarefabrikk AS.

Gullgruva i Flugedalen

I åtte år frå 1930 grov Andrew Moe etter gull i Blåene i Flugedalen.

Første VS-slakteriet i Førde

Vestlandske Salslag starta sitt første, vesle slakteri i Førde i ei sjøbu på Steinen i 1930. Les meir under Gilde Vest.

Hafstad Trevare AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafstad Trevare AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafstad Trevare AS

Håkon Hafstad starta trevarefabrikk på Hafstad i 1932. Dei første åra produserte verksemda for det meste møblar og suvenirar. Idag heiter verksemda Hafstad Trevare AS og produserer dører og vindauge. Verksemda hadde i år 2000 ei omsetning på 6,5 millionar kroner og seks tilsette.

Øens Prenteverk

vart grunnlagt i 1933 av Albert Øen, som også ei tid dreiv eige forlag.

Sentralvaskeriet

– sjå Øens Prenteverk.

Firda Trykk AS

– sjå Øens Prenteverk.

Jon Kvamme

Jon Kvamme starta i 1933 produksjon av vassrøyr i tre saman med broren Audstein. Verksemda laga også utstyr til sagbruk, og rattkjelkar. Etter ei tid satsa Audstein vidare som maskinentreprenør, medan Jon Kvamme starta bilverkstad.

Biltreff AS

- sjå Jon Kvamme.

Hagenes Snikkarverkstad

vart starta på Steinen i 1942 av Ragnar Hagenes. I 1958 vart fabrikken flytta til nybygg i Teigen. Bygningen husa seinare møtelokale for Odd Fellow og verkstaden til Glasmeister Kjell Grov. På den rydda hustomta vart det i 2007 reist ei stor bustadblokk.

På tomta der Hagenes Snikkarverkstad låg vart Førde Terrasse bygd i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På tomta der Hagenes Snikkarverkstad låg vart Førde Terrasse bygd i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Vulkaniseringsverk

vart grunnlagt i 1949 av Berge Selvik.

Førde Vulk AS

- sjå Førde Vulkaniseringsverk.

Ramstad Eskefabrikk

vart grunnlagd på Ramstad i Angedalen i 1949 av Alfred Ramstad.

Schur Pack Norway AS

- sjå Ramstad Eskefabrikk.

Førde Rørleggerforretning

vart starta av Peter Helge Huseklepp i 1951.

Huseklepp & Nesthun AS

- sjå Førde Rørleggerforretning.

Huseklepp AS

- sjå Førde Rørleggerforretning.

Dresser Wayne AB

- sjå Førde Rørleggerforretning.

Holta & Håland AS

- sjå Førde Rørleggerforretning.

Ny Ideal Betongvarefabrikk

vart starta i Førde i 1952 av Anders Bolseth og John Farsund. I 1961 vart fabrikken kjøpt opp av Førde Sementvarefabrikk AS.

Berge & Co på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berge & Co på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berge & Co.

vart starta i 1954. Firmaet vart fylkesforhandlar av Volkswagen, og den populære og rimelege VW-bobla gjorde Berge & Co. på kort tid til fylkets største bilforhandlar. Sjå Forretningsfamilien Berge.

Dale Rør A/S

vart starta i Dale i Sunnfjord i 1955 av Oskar Grimsbø. I 1969 starta han avdeling i Førde, og denne utvikla seg etter kvart til den viktigaste og største avdelinga.

Førde Bil og Rekvisita AS

bensinstasjon og bilforhandlar vart starta i 1957 av John Farsund.

Algaard AS

- sjå Førde Bil og Rekvisita AS.

Einar Øen

bygde bensinstasjon på Hafstad i 1960. Seinare vart bygget utvida med eit tilbygg.

Førde Autosenter

- sjå Einar Øen.

Førde Servicesenter

- sjå Einar Øen.

Vestlandske Salslag i Førde

I 1964 bygde Vestlandske Salslag stort slakteri i Førde sentrum. Seinare vart det bygt nytt storslakteri på Reset.

Vestlandske Salslag i Førde

- sjå Vestlandske Salslag i Førde.

Nortura Førde

- sjå Vestlandske Salslag i Førde.

Autoservice AS

bilforhandlar vart starta i 1966 av Per Einevoll, Arthur Hovland og Asbjørn Djupvik.

Ferdigbetong på Vie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferdigbetong på Vie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferdigbetong A/S

ved sandtaka på Vie vart starta av entreprenør Andreas Hjelmeland i 1966. På 1970-talet selde han verksemda til brørne sine, Gunnar, Finn og Fritz Hjelmeland. I 1997 selde dei vidare til Førde Sementvarefabrikk AS. Betongproduksjonen på Vie er no lagd ned. - Sjå også: Forretningsfamilien Hjelmeland.

John Holvik A/S

glassmeisterverksemd vart starta i 1967 av John Holvik frå Sandane.

Glasmester John Holvik

- sjå John Holvik A/S.

A/S Jarl Skofabrikk

A/S Jarl Skofabrikk i Dale dreiv ei tid på 1960-talet ein filial med 12-15 tilsette i Førde. Filialen heldt til på Steinen og dreiv såkalla nåtling, d.v.s. sying av ferdig utstansa skinn som vart tilsendt frå Dale og returnert dit etter sying.

Hagbart Schjøtt AS heldt til i denne bygningen. Etter at fotoet vart teke i 2007 har Elkjøp flytta derifrå til eige bygg på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hagbart Schjøtt AS heldt til i denne bygningen. Etter at fotoet vart teke i 2007 har Elkjøp flytta derifrå til eige bygg på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hagbart Schjøtt AS

i Bergen starta konfeksjonsfabrikk på Øyrane i 1969. Fabrikken flytta inn i eige produksjonsbygg i 1972, og hadde på det meste 120 tilsette. Etter økonomiske vanskar og eit par eigarskifte, vart drifta lagt ned kring 1990. Seinare har bygningen husa m.a. Elkjøp og EuroPris.

Førde Bilsenter AS

vart starta av Alfred Rygg i 1969.

AutoForum AS

- sjå Førde Bilsenter AS.

Førde Bil Partner AS

- sjå Førde Bilsenter AS.

ForumBil

- sjå Førde Bilsenter AS.

Bilhuset Førde AS

- sjå Førde Bilsenter AS.

Nor-West Sport AS

konfeksjonsfabrikk vart starta på Halbrendsøyra i Førde i 1971 av Alf Berger-Nielsen.

Verftet på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Verftet på Øyrane i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ankerløkken Verft Førde

Ankerløkken Verft Førde vart bygt i 1971 på Øyrane. På det meste var det 400 tilsette på verftet.

Førde Maritime Industri

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Kværner Florø avdeling Førde

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Kleven Florø avdeling Førde

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Aker Yards

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Ankerløkken Eigedom AS

– sjå Ankerløkken Verft Førde.

Førde Vulk

- sjå Førde Vulkaniseringsverk 1949.

Autokarosseri A/S

vart starta i Førde i 1976 av Trygve Ekreskar frå Hyllestad, og vart seinare Toyota-forhandlar.

Toyota Førde AS

- sjå Autokarosseri A/S.

Sunnfjord Bil AS

Bilopphoggingsfirmaet Sunnfjord Bil AS vart starta av Oddvar Strømsli i 1976.

Sementsiloen i Erdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sementsiloen i Erdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sementsilo

i Erdal vart bygd av sementprodusenten Norcem i 1977. Sementsiloen er 53 meter høg og har ein lagerkapsitet på 4000 tonn.

Welcon AS

Arne Stang starta i 1979 selskapet Welcon i Stongfjorden i Askvoll kommune for produksjon av elektronisk utstyr til prosessindustrien (ÅSV/Hydro). Bedrifta flytta seinare til Øyrane i Førde, der Stang etter kvart overtok dei fleste av SIVA – Statens Industrivekstanlegg - sine tomter og bygningar.

Diesel-Elektro AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Diesel-Elektro AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Diesel-Elektro AS

vart starta i Halbrendslia ca. 1980 av Arvid Slåtten og Sigmund Jonstad og er ein spesialverkstad for bilelektro og diesel. Selskapet er med i kjeda Bosch Car Service. I 1991 tok Anders Aalhus, Anders Ødven og Finn Haugsdal over verksemda, i 2009 var det nytt eigarskifte med Arild Tistel som eigar, før Kai Magne Wiik og Tom Nesthun tok over i 2011.

Biltreff AS

- sjå Jon Kvamme.

Eko Trykk AS

vart starta i 1982 av Erling Jakobsen. Verksemda leverer trykksaker med Sogn og Fjordane som marknad. I 2010 har Eko Trykk fire tilsette.

Eko Trykk held til på Sanderplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eko Trykk held til på Sanderplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Multi Maritime AS

vart skipa i 1983 etter initiativ frå ingeniør Petter Klock. Verksemda har båtdesign-oppdrag over heile verda. Dei har spesialisert seg på offshoreskip og ferjer.

Fiskerstrand AS

- sjå Multi Maritime AS.

Norsk Scania AS

starta avdeling i Førde i 1984. Avdelinga har 11 tilsette (2010) og driv med sal, service og reparasjonar av lastebilar. Norsk Scania avd. Førde held til på Reset.

Norsk Scania avd. Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Scania avd. Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal Dampbakeri

starta bakeri i Naustdal i 1895. I 1949 skipa sonen Jetmund og Alfred Rygg om selskapet til Naustdal Dampbakeri AS, som flytta frå Naustdal til nytt produksjonsanlegg på Kronborg i Førde i 1985.

Eik Landbrukssenter

vart starta i 1986.

Skjelbreid AS

- sjå Eik Landbrukssenter.

Eik Senteret Førde

- sjå Eik Landbrukssenter.

Firda Produkt AS

ei bedrift for yrkesvalhemma på Øyrane vart starta i 1986.

Centrum Bensin AS

I 1986 overtok Roy Solbakken Shell-stasjonen i Storehagen, som til då hadde vore drive av Bergensfirmaet Auto 1923 AS.

Best Centrum Bensin AS

- sjå Centrum Bensin AS.

Opus AS

bilforhandlar vart starta av Svein Haaland i 1987.

Auto 1923 AS

- sjå Opus AS og Centrum Bensin AS.

Førde Mekaniske Industri AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Mekaniske Industri AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Mekaniske Industri AS

vart starta av Arne Per Huus i 1987. Verksemda produserer ein grasfordelar til siloar og driv i tillegg med sveising, konstruksjonar og reparasjonar. I 2010 har Førde Mekaniske Industri AS seks tilsette, og omsetninga er på vel seks millionar kroner.

Auto Last AS

bilforretning vart starta i Førde i 1988 av Arnstein Neset og Thor Eriksen.

Trucknor Førde AS

- sjå Auto Last AS.

Fonn Auto AS

vart starta i 1988 av Steinar Fonn.

Riko Førde AS

- sjå Fonn Auto AS.

Førde Metallprodukt AS

i Angedalsvegen vart starta i 1989 av fem aksjonærar.

Sunnfjord Betong AS

vart skipa i 1990 av Terje Horsevik, Mindor Sunde, Ragnhild Russenes og Eivind Eikenes.

Sunnfjord Auto AS

bilfirma i Førde vart starta i 1992 av Bjørn Sæbøe, Steinar Dvergsdal og Frank Kirkebø.

Frydenbø AS

- sjå Sunnfjord Auto AS.

Ulltang Sag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ulltang Sag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ulltang Sag

vart starta på Ulltang i 1992 av Johnny Ulltang. Verksemda har tilsaman 2500 kvm sagbruk og lager og driv både leigesaging, høvleri og trelasthandel. I 2007 hadde Ulltang Sag tre tilsette.

A-K maskiner

forhandlar av traktorar og landbruksmaskinar etablerte seg i Førde i 1994.

Firda Traktor

- sjå A-K maskiner.

TESS Førde på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

TESS Førde på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

TESS Førde

I 1994 etablerte TESS Møre AS ei avdeling i Førde. TESS driv slangeverkstad, sel industri- og hydraulikkslangar og komponentar til desse i tillegg til m.a. verktøy og arbeidskle. TESS Førde held til på Øyrane.

Førde Bilservice AS

vart starta på Øyrane i 1997 av m.a. Morten Lundh. Dette var den første bilverkstaden i Førde utan merketilknyting. Førde Bilservice AS vart og den første bilverkstaden i Sogn og Fjordane med meistertittel. Firmaet har fem tilsette.

Førde Bilservice AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Bilservice AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Motor Import AS

vart skipa i Førde i 1998 av Roy Valvik og Per Sannæs.

Hellenes AS

elektronikkfirma på Vie vart starta i 1999 av Agnar Hellenes.

Bilskadesenteret AS

vart starta på Halbrendsøyra i 2000 av bilforretningane Biltreff AS, Opus AS og Sunnfjord Auto AS og Dag Arve Savland.

Nortronik AS

vart skipa i Førde i 2000 av Morten Engebø.

Førde Granitt AS

vart starta i 2001 av Øystein Menes.

Steinriket

- sjå Førde Granitt AS.

Gas Tech AS

vart starta i Førde i 2003 av Hans Kristian Ulvestad og Magne Kolstad.

Dekkmann

- landsomfattande kjede som omset dekk og felgar, etablerte avdeling i Førde i 2004. Avdelinga hadde i 2010 fire fast tilsette og omsette for vel 12 millionar kroner.

Dekkmann på Sanderplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dekkmann på Sanderplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2012