Hopp til innhold
X
Innhald

Fimreitespelet

Ved 800-årsjubiléet i 1984 vart ein minnestein avduka i Norane av kong Olav V til minne om slaget ved Fimreite. Minnesteinen er henta frå Balestrand - sjå: Steinbrotet i Lindane.

I samband med 800-årsjubileet, vart historiespelet «Slaget ved Fimreite», skrive av Wibeke Knagenhjelm framført.

Eventyraren Ragnar Thorseth frå Sunnmøre starta også på jordomsegling med knarr-kopien «Saga Siglar» frå Fimreite under dette jubiléet, og komponisten Arne Norheim komponerte det spesielle verket «Klokkesong». Dette var m.a. bygt på dei spesielle noteteikna «neumer» som er funne i Kaupanger stavkyrkje, og mellomalderklokkene i stavkyrkja vart også nytta i komposisjonen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2008