Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Billag

Rutebilstasjonen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rutebilstasjonen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Billag er i dag eitt av dei største rute- og transportselskapa i landet med 390 tilsette, og har mellom anna spela ein sentral rolle i skiping og drift av Norway Bussekspress. I 2005 hadde Firda Billag ei omsetning på 400 millionar kroner.

Turistruta Vadheim-Sandane la grunnlaget

Dei nye Fylkesbaat-rutene frå Bergen som saman med faste dampbåtruter mellom Bergen og England som kom på slutten av 1800-talet, la grunnlaget for den nye turistnæringa i fjordafylket. Vadheim vart innfallporten til ei populær turistrute som gjekk gjennom Sunnfjord til Sandane. Der tok turistane antan fylkesbåten tilbake til Bergen, eller dei reiste vidare til indre Nordfjord.

Dette skal vere første bilen til Fjordenes Automobilselskap, som vi ser ein kombinert passasjer- og godsbil. Foto: Riksarkivet.

Dette skal vere første bilen til Fjordenes Automobilselskap, som vi ser ein kombinert passasjer- og godsbil. Foto: Riksarkivet.

Vognmenn med hest og kjerre stod for trafikken i dei første 23 åra etter at det vart skipa eit offentleg skyss-samband på vegstrekninga Vadheim-Sandane. Kring skysstasjonane i Vadheim, Sande, Førde, Vassenden, Skei, Breim og Sandane vart det på kort tid bygd fleire hotell.

Då dei første automobilane dukka opp her i landet kring 1900 var det mange lokale hotellvertar og skysskarar som såg at bilen kom til å avløyse hesteskyssen som transportmiddel. Difor vart det hotelleigarane i Nordfjord og Sunnfjord som gjorde opptaket til det som seinare utvikla seg til rutebillaget Firda Billag. I liknande utvikling kjenner vi att frå skipinga av Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L i 1914, og frå skiping av mindre rutebillag i Fjærland, Sogndal-Luster og Lærdal på same tid.

Med fire seterekkjer kunne bilen til Fjordenes Automobilselskap ta med store grupper på tur. Her har godt over 20 fått plass. Dette biletet er teke på Sandane. Foto: Riksarkivet.

Med fire seterekkjer kunne bilen til Fjordenes Automobilselskap ta med store grupper på tur. Her har godt over 20 fått plass. Dette biletet er teke på Sandane. Foto: Riksarkivet.

Forløparen var A/S Fjordenes Automobilselskap

Men det skulle likevel vise seg at det var folk utanfrå som først freista å kapre konsesjonen for rutebiltrafikk på den attraktive strekninga Vadheim-Sandane: I 1908 søkte K. Bjørkhus frå Sykkylven om å få starte bilrute på strekninga, men både han, eit Ålesunds-firma og eit selskap i Oslo fekk avslag.

Det første opptaket til eit lokalt tufta billag for Sunnfjord og Nordfjord vart gjort i 1910. Då orienterte hotelleigar Christian A. Ryg ved Hotel Gloppen fylkesmannen om at hotellfolket planla ei bilrute for turistar mellom Vadheim og Sandane.

Ein av dei første bilane til Firda Billag, ein Adler, fotografert av Olai Fauske på veg opp Halbrendslia i Førde. Framme sit sjåførane Jakob Viken og Edvard Hellebust, begge frå Viksdalen. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Ein av dei første bilane til Firda Billag, ein Adler, fotografert av Olai Fauske på veg opp Halbrendslia i Førde. Framme sit sjåførane Jakob Viken og Edvard Hellebust, begge frå Viksdalen. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

I 1911 vart det endeleg gjeve løyve, og i 1912 rulla den første bilen mellom Sandane og Vadheim. Det var Karl Mjelva sin hotellbil frå Geiranger (sjå om Mjelva under Stryn kommune –”turisme”) som var leigd til denne første «PR-turen».

Etter denne prøveturen i 1912 vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa. Sentrale personar ved skipinga var Christian A. Ryg på Sandane og Peter O. Tenden, som eigde Hotel Central på Visnes i Stryn. Alt i 1899 hadde denne bilinteresserte hotellverten på Visnes gjort ein mislukka freistnad på å starte ei lokal bilrute mellom Faleide, Visnes og Mindresunde. No såg han meir lukrative utviklingsliner i turistruta Vadheim – Sandane – indre Nordfjord.

Representantskapen i Firda Billag er samla på Vassenden Hotell i 1930. Styret står fremst. Ytst til venstre står Andreas G. Holsen, framfor han Nils Helgheim, deretter ? Ryssdal, Ivar Seime, Anton Steen og lengst til høgre disponenten, Anders E. Sølvberg.

Representantskapen i Firda Billag er samla på Vassenden Hotell i 1930. Styret står fremst. Ytst til venstre står Andreas G. Holsen, framfor han Nils Helgheim, deretter Arne K. Egge, Ivar Seime, Anton Steen og lengst til høgre disponenten, Anders E. Sølvberg.

Strid og kløyving i turistnæringa

Men bruk av bil mellom Vadheim og Sandane førde til mykje strid mellom hotellvertar som meinte at ein skulle halde på den gamle hesteskyssen og dei som heller ville satse på den nymotens bilen.

Det skulle etter kvart vise seg at Christian A. Ryg på Sandane, Peter Tenden i Stryn og nokre få hotellvertar elles i indre Nordfjord vart ståande åleine i trua på bilen. Andre hotelleigarar på strekninga Sandane-Vadheim var stort sett bilmotstandarar. Dei fekk god støtte frå bygdefolk som meinte at dette rykande og støyande monsteret stort sett berre var til plage for andre køyrande og dessutan skremde både folk og fé. Striden enda med at Sunnfjord og Nordfjord Turistforening vart kløyvd.

Ein del av bussane med sjåførar pent oppstilte utanfor rutebilstasjonen i Førde i 1950. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Ein del av bussane med sjåførar pent oppstilte utanfor rutebilstasjonen i Førde i 1950. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Rutebilstasjonen i Førde i 1952. Som vi ser er det mykje folk samla. Gjennomgangsrutene brukte å ha eit opphald i Førde, og truleg er biletet teke medan busspassasjerane strekkjer på beina. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Rutebilstasjonen i Førde i 1952. Som vi ser er det mykje folk samla. Gjennomgangsrutene brukte å ha eit opphald i Førde, og truleg er biletet teke medan busspassasjerane strekkjer på beina. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Den gamle rutebilstasjonen på Sandane er verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle rutebilstasjonen på Sandane er verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesmannen pådrivar for offentleg rutedrift

Førde-mannen Ingolf Christensen vart fylkesmann i Sogn og Fjordane i 1910. Han ivra sterkt for offentleg drift av ruteselskapa i fylket. I dei 19 åra han var fylkesmann, gjorde Christensen ein banebrytande innsats for utbygging av vegar og offentleg rutedrift i heile Sogn og Fjordane. I 1920 fekk han utarbeidd ein samla transportplan for fylket som vekte åtgaum over heile landet.

Ei av hjartesakene for fylkesmann Christensen var å få bygd ei vestlandsk stamjernbane gjennom fylket - omlag etter same line som E 39 fylgjer i dag, og med sidegreiner til Høyanger, Florø og Måløy. Men det synte seg at jernbaneplanen kom for seint: Bilen hadde alt vist seg som det mest fleksible transportmiddelet på landjorda – ikkje minst på eit fjell- og fjordrikt Vestland – og jernbaneplanane vart lagde bort.

– Les meir om dei storfelte jernbaneplanane i Sogn og Fjordane i eigne artiklar under dei einskilde kommunane.

Mjølketransport var viktig for Firda Billag frå kring 1950. Her har den kombinerte passasjer- og godsbilen frå Ryssfjøra kome til meieriet på Sandane. Foto: Wilhelm Pflug.

Mjølketransport var viktig for Firda Billag frå kring 1950. Her har den kombinerte passasjer- og godsbilen frå Ryssfjøra kome til meieriet på Sandane. Foto: Wilhelm Pflug.

Kommuneeigd ruteselskap

Men om fylkesmann Christensen ikkje fekk innfridd sine draumar om eit jernbanenett i fylket, så fekk han med seg kommunar i Sunnfjord og Nordfjord på å skipe eit interkommunalt eigd rutebilselskap i 1920.

Namnet vart Firda Billag. Billaget var på mange vis ei vidareføring av A/S Fjordenes Automobilselskap fordi det tok over både bilar og ruter etter dette første laget. Ein av bilane som Firda Billag arva, var ein tyskbygd «Adler» som er restaurert og framleis går som ei klokke. Personbilar med nedleggbar kalesje vart nytta som rutebilar heilt fram til billaget fekk sin første buss i 1933.

Kristen Henden på Sandane, som hadde vore disponent for Fjordenes Automobilselskap, var disponent dei to første åra. Deretter overtok kjøpmann Anders E. Sølvberg i Førde, og sidan har administrasjonen lege i Førde. Sølvberg var driftsstyrar fram til 1937. Ananias Byrkjeflot vart disponent 1937-1940, Rolv Henden 1940-1982, Bjørn Nordberg 1982-2009 og Peter Midthun frå 2009. Firda Billag var eit offentleg eigd transportselskap fram til 2010, då det vart omskipa til aksjeselskap. Gjennom åra har selskapet teke opp i seg fleire mindre rutelag i Gaular, Jølster, Sørstranda i Gloppen, Hyen og i Fjærland.

Billaget har i dag (2006) konsesjon på rutebiltrafikk i alle bygdene på sørsida i Nordfjord, i heile Sunnfjord med unntak av øyane i Bremanger, og kommunane Balestrand, Høyanger og Hyllestad i ytre Sogn, samt Fjærland.

Ein buss frå Firda Billag i Skaret på Gaularfjellsvegen tidleg på 1950-talet. Statens Vegvesen hadde ikkje brøytt vegen breiare enn høgst nødvendig. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Ein buss frå Firda Billag i Skaret på Gaularfjellsvegen tidleg på 1950-talet. Statens Vegvesen hadde ikkje brøytt vegen breiare enn høgst nødvendig. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Deling og spenningar kring rutelaga i Nordfjord

I Nordfjord vart rutebiltenesta delt mellom to store, interkommunale billag: Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L og Firda Billag. Med unntak av Gloppen, fastlandssida av Bremanger kommune og i Stryn kommune til og med Innvik, er det framleis Nordfjord og Sunnmøre Billag (no Fjord 1 Nordfjord – Ottadalen) som har rådd grunnen.

Dette hadde samanheng med at det ikkje kom vegsamband rundt inste fjorden før vegen Olden-Innvik vart opna i 1936. Firda Billag fekk difor rutetrafikken som kom frå sør, til og med Innvik, og har den same nordlege avgrensinga på konsesjonsområdet sitt framleis. Men det var ikkje berre mangelen på vegsamband skapte eit varande skilje – og tildels spenningar - mellom dei to offentleg eigde rutebillaga i Nordfjord:

Bussen til Høyanger står klar til avgang i Vadheim ein gong på 1950-talet. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Bussen til Høyanger står klar til avgang i Vadheim ein gong på 1950-talet. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Like etter 2. verdskrig var det stor mangel på bilmateriell i eit krigsherja Noreg, og både på Sandane og i Stryn vart det starta små bussfabrikkar. Nordfjord og Sunnmøre Billag bygde frå 1946 i alt 43 bussar på eigen verkstad i Stryn fram til 1965, då den store bussfabrikken Vest Karosseri vart starta i Stryn, med Nordfjord og Sunnmøre Billag og Fylkesbaatane med dotterselskapet Sogn Billag som store aksjonærar.

Men Firda Billag stod utanfor dette samarbeidet om Vest Karosseri, og grunnen fann vi på Sandane: Her hadde sjåføren Edvard Solheim starta bussfabrikk i 1947. Firda Billag var kunde hjå Solheim, og heldt fram med det også etter at nye eigarar tok over i 1954 og skipa Sandane Karosserifabrikk.

Så då ruteselskapa i fylket på 1960-talet tok opp tanken å byggje ein stor bussfabrikk ein stad i fylket, arbeidde Firda Billag, med disponent Rolv Henden i spissen, iherdig for at ein slik fabrikk skulle utviklast vidare frå den fabrikken som alt var på Sandane. Etter ein hard lokaliseringsstrid mellom Gloppen og Stryn, fekk stryningane bussfabrikken Vest Karosseri A/S i 1965, og med den alle dei offentlege tilskota som fylgde med.

Eit resultatet av denne kappestriden mellom Stryn og Sandane vart at Firda Billag ikkje var kunde hjå Vest-Karosseri så lenge Rolv Henden var billagssjef!

Firda Billag disponerer eit stort areal midt i Førde sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Billag disponerer eit stort areal midt i Førde sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rutebilstasjonar

Fleire stader i rutedistriktet sitt har Firda Billag bygd rutebilstasjonar med kaféar og godsterminalar. Ein av dei mest kjende var den såkalla «Karikaféen» på Sandane som vart bygd ved det noverande torget like etter 2. verdskrig. Då billaget bygde ny stasjon lengre sør på Sandane på 1970-talet, vart den gamle busstasjonen i funkisstil verna.

I Førde vart det bygd stasjons- og garasjebygg med bensinstasjon i sentrum sør i 1938 (bygget er no ein del av Grønfur-familiens varehus og kontorbygg). I 1962 vart rutebilstasjon, godsterminal, verkstad og administrasjon flytta nord om Jølstra til Storehagen, der rutebilstasjonen ligg idag. Denne flyttinga bar til før Førde hadde teke til å vekse for alvor, og lokalpolitikarane meinte difor at når billaget valde å plassere rutebilstasjonen sin ute på «bondelandet» i Storehagen, så fekk dei koste vegen dit sjølve! I dag er denne vegstubben i Førde ein av dei sterkast trafikkerte gatene på Vestlandet!

Skulebuss ved Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulebuss ved Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skuleruter og mjølkebil

Midt på 1950-talet råka nedleggingsbylgja ei mengd små grendeskular kringom i bygdene. I staden for grendeskular kom sentralskulane, og med dei bussrutene. Småbygdene fekk på denne måten ikkje berre ein skulebuss, men også ein rutebuss som også tok andre passasjerar og gods. Ofte vart desse bussane bygde som kombinerte passasjer- og godsvogner med eit romsleg lasterom bak passasjerseta. Slike kombiruter hadde Firda Billag fram til 1. mai 2011. Då selde billaget alle dei kombinerte bilane sine og sette inn småbussar og eigne godsbilar i staden.

Firda Billag disponerer eit svært stort område sentralt i Førde. På dette biletet ser vi m.a. ein av dei kombinerte passasjer- og godsbilane som billaget kvitta seg med i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Billag disponerer eit svært stort område sentralt i Førde. På dette biletet ser vi m.a. ein av dei kombinerte passasjer- og godsbilane som billaget kvitta seg med i 2011. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ei anna viktig transportoppgåve for Firda Billag var mjølkerutene som kom då dei små bygdemeieria vart bytte ut med større sentralmeieri frå kring 1950 og utover. Mjølkerutene vart ofte utførde av kombi-bilar som også hadde plass til passasjerar. I tillegg til vanlege, reine godsruter vart lastebilparken til Firda Billag flittig brukt til snøbrøyting og arbeid for vegstellet, og trailer- og kjølevogner har faste oppdrag for fabrikkar og fiskeverksemder i regionen.

Det første vogntoget til Firda Billag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Det første vogntoget til Firda Billag. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Eige reisebyrå

Alt i 1961 tok Firda Billag opp tanken om å få skipa det første reisebyrået i fylket, og med løyve frå Samferdsledepartementet kom Fjordane Reisebyrå i drift i Førde i 1965. Sidan fekk reisebyrået avdelingar i Høyanger og Sandane. Avdelinga i Høyanger vart lagd ned i 2010. I 2006 tok Travelnet Fjordane Reisebyrå også over Travelnet Sognefjord Reisebyrå i Sogndal frå den tidlegare eigaren Fjord 1 Sogn Billag AS.

Billaget har også skrankeekspedisjonen og transport til Førde Lufthamn, og er ein stor aktør i turbussmarknaden, særleg i turisttida om sommaren.

Det måtte ein streik til for å få eit bilete av så mange Firda Billag-vogntog samla. Biletet vart teke under rutebilarbeidarstreiken i 1963. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Det måtte ein streik til for å få eit bilete av så mange Firda Billag-vogntog samla. Biletet vart teke under rutebilarbeidarstreiken i 1963. Foto utlånt av Firda Sjåførforening.

Ein termobil med Linjegods-logo på veg inn til terminalen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein termobil med Linjegods-logo på veg inn til terminalen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Linjegods

Firda Billag kom med i Linjegods-systemet då det vart skipa av NSB og norske rutebillag i 1972. I 1991 freista Fylkesbaatane, HDS (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap) å ta opp kampen med Linjegods om den aukande trailertransporten av varer på Vestlandet. Eitt års tid knivast dei to gruppene kvasst om kundane m.a. ved å starte godssentralar i konkurrentane sine distrikt. «Godskrigen» enda med at Fylkesbaatane og deira gruppe måtte strekkje våpen, og trekte seg ut av godsbil-eventyret med store tap.

Ein ekspressbuss på veg mot E39 i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein ekspressbuss på veg mot E39 i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norway Bussekspress

Firda Billag kom til å spele ein sentral rolle då Norway Bussekspress vart skipa i 1987. Bakgrunnen for skipinga av det landsomfemnande ekpressbussnettet var liberaliseringa av rutetrafikken som kom under borgarlege regjeringar på 1980-talet. Med liberaliseringa fall også vernet kring NSB sine jernebaneruter mot konkurrerande bussruter langs deira jernbanestrekningar.

Firda Billag AS

I 2010 vart Firda Billag omskipa frå å vere ei stifting til å bli eit aksjeselskap med ein aksjekapital på 10 millionar kroner. Dei 13 kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune som eigde den interkommunale stiftinga eig aksjane i Firda Billag AS. Agnar Strømsnes frå Florø vart vald til den første styreformannen i aksjeselskapet.

Oppkjøp av Fjord1 Transport

I 2010 kjøpte Firda Billag godsdivisjonen til Fjord1, Fjord1 Transport. Dette gjorde Firda Billag til eitt av dei største godsselskapa på Vestlandet med til saman 180 godsbilar og vel 270 tilsette.

Transferd AS

Godsdelen vart i 2011 skild ut i eit eige selskap med namnet Transferd AS. Same året vart godsterminalane i Florø, Dale og Sandane lagde ned. I 2012 vart verkstaden med 25 skild ut og slege saman med Trucknor til eit nyskipa firma med namnet Trucknor Firda AS.

Erobrar Nordfjord

I 2013 vann Firda Billag det første anbodet på bussruter i Sogn og Fjordane. Det inneber at selskapet frå 23. juni 2014 til 19. juni 2022 får drive bussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn. Billaget vann anbodet i konkurranse med Nettbuss Nordfjord- Ottadalen og Tide Buss. Det gjer at det må kjøpast 60 nye bussar.

100 år sidan første rutekøyringa

Den 5. juni 2013 var det 100 år sidan Fjordenes Automobilselskap køyrde den første turen frå Vadheim til Sandane. I jubileumsåret har Firda Billag 480 tilsette og 145 bussar, og selskapet omset for ca. 600 millionar kroner i året.

Norgesbuss inn som eigar

I 2013 kjøpte Norgesbuss AS 50 prosent av aksjane i Firda Billag. Norgesbuss er eit dotterselskap av Torghatten ASA. Kjøpet fører ikkje til namneskifte, og drifta av Firda Billag held fram som før.

Sogn og Fjordane-ekspressen på veg austover mot Oslo passerer bomstasjonen i Fjærland i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn og Fjordane-ekspressen på veg austover mot Oslo passerer bomstasjonen i Fjærland i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2019