Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Produkt AS

Firda Produkt AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Produkt AS på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda Produkt AS, ei bedrift for yrkesvalhemma på Øyrane, vart starta i 1986. Verksemda er eigd av fylkeskommunen og åtte kommunar, to bankar og ein interesseorganisasjon.

I 2004 vart Firda Produkt ei arbeidsmarknadsbedrift. Det er 11 fast tilsette, og selskapet gir tilbod til 15 yrkesvalhemma.

Hovudproduktet er elektroniske skyteskiver, i tillegg er det arbeid med skiltgravering og innan saum og tekstil.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2010