Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordane IT Service AS

Fjordane IT held til på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordane IT held til på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordane IT Service AS vart skipa i Førde i 1998 av Dagmunn Fauske, Audun Viken og Jarl-Egil Haugsbø. Verksemda leverer ulike IKT-tenester og driv sal av datautstyr m.a. til ei mengd kommunar. I 2005 kjøpte Fjordane IT Service datafirmaet Nordtek AS i Stryn og fekk dermed til saman 14 tilsette.

I 2012 var talet på tilsette auka til 34, og Fjordane IT hadde ei omsetning på vel 50 millionar kroner i 2011. Selskapet har avdelingar i Sogndal, Gaupne og Stryn. Firmaet er 100% eigd av dei tilsette.

I 2012 vart selskapet med i kjeda Itum IT Partner, som er lokalisert på 24 stader i landet og som har til saman 280 medarbeidarar.

Nettsida til Fjordane IT.

Nettsida til Fjordane IT.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2012