Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Bil og Rekvisita AS

Førde Bil og Rekvisita AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Bil og Rekvisita AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Bil og Rekvisita AS bensinstasjon og bilforhandlar vart starta i 1957 av John Farsund. Firmaet var forhandlar av Mercedes til 1975, då bergensfirmaet Algaard AS tok over agenturet. Bensinstasjonen har heile tida vore Esso-stasjon.

I 2010 har Førde Bil og Rekvisita AS 17 tilsette og omset for ca. 60 millionar kroner. Sonen og sonesonen til John, Oddbjørn og Jan Farsund, er eigarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2010