Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Bilsenter AS

AutoForum forhandlar Ford og Nissan. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

AutoForum forhandlar Ford og Nissan. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Bilsenter AS vart starta av Alfred Rygg i 1969. Han vart forhandlar av bilmerket Ford og hadde forretning og verkstad i entreprenørselskapet G&F Hjelmeland sitt nyreiste forretningsbygg på Øyrane (noverande Lotteritilsynet).

Sonen Arne Rygg kom seinare med i den daglege drifta. Ford-butikken vart flytta til nybygg på Kronborg på byrjinga av 1980-talet.

Eikefjordingen Ludvig Langedal, som i 1987 vart disponent for bilfirmaet Olav Sande AS, som forhandla Ford i Florø, skipa i 1990 selskapet AutoForum AS. Dette firmaet har sidan 1990-talet vore Ford-forhandlar i Førde. Seinare fekk selskapet og salsagenturet for Nissan.

Også Peugeot og Mercedes

I 2007 vart Ludvig Langedal også hovudaksjonær i Førde Bil Partner AS, som forhandlar bilmerka Peugeot og Mercedes. Den første Mercedes-forhandlaren i Førde var Stølens Auto, som er avvikla. Førde Bil Partner held til i eit bygg som tidlegare husa Førde Kjølelager, men som er utvida og ombygt til verkstad og bilforretning. I 2008 fekk firmaet namnet ForumBil. I 2011 vart ForumBil selt til ANI Gruppen frå Sogndal, som og eig Toyota Sogn. Dei endra namnet på verksemda til Bilhuset Førde AS.

ForumBil forhandlar Mercedes og Peugeot. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

ForumBil forhandlar Mercedes og Peugeot. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2011