Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Granitt AS

Førde Granitt AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Granitt AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Granitt AS vart starta i 2001 av Øystein Menes. Verksemda har eige steinbrot ved E39 mellom Reset og Bekkjevatnet og leverer naturstein. I tillegg produserer verksemda steinplater til kjøkken og bad, gravmonument og fliser.

Førde Granitt var nokre år knytt til kjeda Steinriket, men gjekk ut av kjeda att i 2011. Verksemda har ti tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2012