Førde Gymnas

Hafstad vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Førde Gymnas kom i gang i 1970, og var såleis ikkje eit framhald av gymnasundervisninga som hadde gått føre seg i bygda under 2. verdskrig. Alt i 1959 hadde fylkestinget drøfta skiping av eit treårig gymnas i Sunnfjord, og både Florø, Førde og Dale vart dregne inn i debatten kring lokaliseringsstad. I 1962 kom den endelege avgjerda, og valet fall på Florø. Krav om eige gymnas i Førde kom opp att i 1966, for året før hadde Staten peika ut Førde som vekstsenter. Men gymnaskravet vart avvist av fylket.
Nei frå fylket – ja frå Staten
Førde kommune fremja då saman med nabokommunane søknad direkte til Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og fekk løyve til å etablere gymnasklassar ved Førde Realskule i 1970. Søknaden vart m.a. støtta av SIVA. Statens Industrivekstanlegg, som då hadde etablert seg i vekstsenteret.
Hafstad vidaregåande skule
Førde Gymnas vart integrert i Hafstad vidaregåande skule i 1993. Etter år i leigde lokale hjå Berge & Co på Kronborg flytta Hafstad vidaregåande skule inn i nybygg i 1999.

Førde Gymnas leigde i mange år lokale hjå Berge & Co. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 24.11.2010