Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Idrettslag

Brørne Albert (t.v.) og Nikloai Schei på skitur rundt 1920. Nikolai vart første formannen i Førde Idrettslag.

Brørne Albert (t.v.) og Nikloai Schei på skitur rundt 1920. Nikolai vart første formannen i Førde Idrettslag.

Førde Idrettslag vart skipa som Førde Sports og Idretsforening i 1920 etter opptak av seinare fylkesmann Nikolai Schei, som også vart første formann. Han leia óg den første turngruppa som hadde framsyning alt i 1921. I 1927 hadde laget turngrupper for både kvinner og menn med til saman 40 medlemmer som heldt øvingane i den gamle barneskulen.

Bydalsbakken i Halbrendslia, der unnarennet gjekk over riksvegen. Når det vart hoppa i bakken, måtte det stå vakt på vegen for å stanse eventuelle bilar. Det hadde neppe gått i dag. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Bydalsbakken i Halbrendslia, der unnarennet gjekk over riksvegen. Når det vart hoppa i bakken, måtte det stå vakt på vegen for å stanse eventuelle bilar. Det hadde neppe gått i dag. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Skiidrett først

Det første idrettsanlegget som laget bygde, var hoppbakke med skihytte i Kalsetdalen i 1924. Bydalsbakken i Halbrendslia – bygd av distriktslege Bydal - låg nærmare sentrum, og vart teken i bruk i 1940. I 1950 gav Bydal denne hoppbakken som gåve til idrettslaget. Idrettslaget skipa eiga fotballgruppe tidleg på 1930-talet. Den store utstillingsplassen på Toene like ved kyrkja vart nytta som idrettsplass og fotballbane. I 1932 starta arbeidet med opparbeiding av idrettsplass på Kronborg, men usemje med grunneigaren om eigedomsgrensene gjorde at idrettsplassen ikkje vart teken i bruk før i 1945. Laget starta handballag for kvinner i 1946.

Dette biletet er teke på eit friidrettsstemne i Angedalen i 1946. Stilen til høgdehopparen og utstyret er litt annleis enn i dag. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Dette biletet er teke på eit friidrettsstemne i Angedalen i 1946. Stilen til høgdehopparen og utstyret er litt annleis enn i dag. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Lokale grupper i bygdene

I 1955 fekk Angedalen eiga gruppe innan idrettslaget. Angedals-gruppa har særleg satsa på skiidrett med eiga lysløype. Haukedalen Idrettslag som var skipa i 1938, vart slege saman med Førde Idrettslag i 1968. Bygda har både hoppbakke og lysløype. Holsen skipa eiga idrettsgruppe under Førde Idrettslag i 1980. Gruppa har m.a. bygd lysløype i bygda.

Frå ein stafett i 1945. Leidulf Fossheim frå idrettslaget Foss i Jølster er i tet etter å ha passert Langebrua. Foto: Lars Fjell. © Fylkesarkivet.

Frå ein stafett i 1945. Leidulf Fossheim frå idrettslaget Foss i Jølster er i tet etter å ha passert Langebrua. Foto: Lars Fjell. © Fylkesarkivet.

Stor hoppbakke i Angedalen

I Angedalen vart det bygd hoppbakke i 1962. Denne vart på 1980-talet utvida til K 79 meter og fekk status som fylkesanlegg for hopp. Bakkerekorden var på 84,5 meter. Men Botnabakken fekk kort levetid: Då skikrinsen vedtok å byggje ut Bjørkelibakken på Vangen Skisenter i Stryn til storbakke og fylkesanlegg, var det kroken på døra for hoppbakken inst i Angedalen. Siste hopprennet der vart avvikla i 1994. Botnabakken vart lagd ned, og hopparane i Sunnfjord måtte ta til takke med Kleivebakken ved Bringeland som har eit kritisk punkt på 52 meter.

Førde-hopparen Nils Olav Kongsvik strekte seg til 83 meter i Botnabakken og heldt lenge bakkerekorden. Foto: Erik Olsen.

Førde-hopparen Nils Olav Kongsvik strekte seg til 83 meter i Botnabakken og heldt lenge bakkerekorden. Foto: Erik Olsen.

Orienteringsgruppa

i Førde Idrettslag vart skipa i 1961 etter opptak frå Helge Bydal, tre år før Sogn og Fjordane orienteringskrins vart skipa. Orienteringsgruppa stod for det årlege Sunnfjordløpet/Sunnfjordorienteringa i mange år frå det starta i 1963. Orienteringsgruppa i Førde Idrettslag har fleire gonger vore tilskipar av Nordvest-galoppen som har vore det store arrangementet for orienteringsløparar på Nord-Vestlandet sidan tevlinga vart innført i 1976.

Klubbhuset til Førde Idrettslag ved stadion. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Klubbhuset til Førde Idrettslag ved stadion. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Idrettsanlegg og campingplass i sentrum

I 1963 tok idrettslaget i bruk ny idrettplass på Prestebøen, det som seinare vart kalla Utstillingsplassen. På Prestebøen langs Jølstra dreiv idrettslaget campingplass med 10 utleigehytter og plass til 100 telt frå midten av 1960-talet og til 1985.

Frå ein 2. divisjonskamp i fotball mellom heimelaget i kvite overdelar og Vålerenga 2 i 2010. Foto: Bård Siem, NRK.

Frå ein 2. divisjonskamp i fotball mellom heimelaget i kvite overdelar og Vålerenga 2 i 2010. Foto: Bård Siem, NRK.

Førdehus og idrettshall

Då Førdehuset opna i 1976, romma huset det største innandørs idrettsanlegget i fylket til då. Her var det idrettshall med plass til fullskala handballbane på 23 x 50 meter og tribune, symjehall med stupeanlegg, vektløftarrom og innandørs skytebane. Som ein del av Førdehus-prosjektet vart det bygd to idrettsbaner like ved – den eine med tribuner og løpebaner med internasjonale mål. Løpebana fekk kunststoffdekke på 1980-talet. Den andre bana fekk kunstgrasdekke i 2002. I 1996 vart Førdehuset utvida med 5000 kvm. - m.a. med ein storhall på 50 x 75 meter, og symjehallen fekk vass-sklie.

Stian Grimseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Stian Grimseth. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Stian Grimseth Cup

Vektløpargruppa, som vart skipa i 1973, fekk gode treningsvilkår i Førdehuset og hadde fleire medlemer i landstoppen på 1980-talet. Då Tambarskjelvar Vektløpargruppe i nabokommunen Naustdal vart skipa i 1993, melde dei fleste vektløftarane i Førde seg inn der. I fleire år mellom 1999 og 2005 vart ”Stian Grimseth Cup” skipa til i Førdehuset. Frontfiguren for stemnet, Stian Grimseth, samla då nokre av dei beste vektløftarane i verda til stemnet i Førde.

Sunnfjord Skisenter, Blomlia

Alpingruppa i Førde Idrettslag vart skipa på 1970-talet, og heldt dei første åra til i ein 300 meter lang bakke på Ramstad i Angedalen. I 1977 vart det enkle tautrekket flytta til Vasslia vest for Førde, der det vart montert to trekk i den 600 meter lange bakken. I 1984 vart Sunnfjord Skisenter i Blomlia opna. Det meste av anlegget var bygd på dugnad av alpingruppa, og privatpersonar og næringsliv skaut inn over 600.000 kroner i aksjekapital. Heile bakken og ei turløype like ved har lysanlegg. I 1999 fekk Blomlia snøproduksjonsanlegg. Sunnfjord Skisenter AS er eigd av Førde Idrettslag.

Unge alpinistar i Blomlia. Foto: Harald Løtuft.

Unge alpinistar i Blomlia. Foto: Harald Løtuft.

Hafstad Idrettspark

I 2011 starta arbeidet med eit nytt idrettsanlegg, Hafstad Idrettspark. Der blir det m.a. to kunstgrasbaner med undervarme, joggeløype, skatebane, BMX-sykkelbane, hoppbakke i plast, sandvolleybane og areal for islegging, og Førde Idrettslag får klubbhus. Idrettsparken er kostnadsrekna til 60 millionar kroner og blir m.a. finansiert ved gåver, Trond Mohn har gitt 10 millionar og Sparebanken Sogn og Fjordane åtte millionar kroner. I planane inngår og ei gangbru over Jølstra til Førdehuset.To kunstgrasbaner vart tekne i bruk i 2013. I 2014 var det nye klubbhuset til Førde Idrettslag teke i bruk. Heile anlegget vart offisielt opna i 2015 av Trond Mohn.

Høgt nivå i handball og fotball

Førde Idrettslag har dei siste åra nådd nye nivå innan både fotball og handball. I fotball har herrelaget ein tredjeplass i 2. divisjon (2013) som sin førebels beste prestasjon. I handball vann damelaget 2. divisjon sesongen 2013/2014 og var nær ved å kvalifisere seg for 1. divisjon.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015