Hopp til innhold
X
Innhald

Førde meieri

Meieriet i Teigen i Førde. Foto: Olai Fauske. © Fauskefondet, Sunnfjord Museum.

Meieriet i Teigen i Førde. Foto: Olai Fauske. © Fauskefondet, Sunnfjord Museum.

Førde Meieri vart grunnlagt 1923 ved at fleire av dei lokale meierilaga slo seg saman, og i 1924 stod nytt «stormeieri» ferdig i Teigen på sørsida av elva. Dei gamle bygningane med den kjende fabrikkpipa vart rivne ved utvidinga av E39 på 1980-talet. I 1954 flytta meieriet inn i nybygg på nordsida av Jølstra. Meieriet laga brunost og Norvegia.

Meieribygningen frå 1954 før rivinga i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Meieribygningen frå 1954 før rivinga i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nedlagt i 2002

Dette meieriet var i drift til 2002, sølv om namnet skifta. Samanslåingar i meierisektoren gjorde at meieriet i Førde først var ein del av Firdameieriet, deretter Sogn og Fjordane Meieri og til slutt Tine.

Frå produksjonen av Norvegia-ost i Førde. Foto: NRK, frå TV-reportasje.

Frå produksjonen av Norvegia-ost i Førde. Foto: NRK, frå TV-reportasje.

Meieritomta vart kjøpt av ei Førde-basert investorgruppe, Futurum, som bygde Storehagen Atrium. Meieribygningane vart rivne i 2008, og nybygget stod klart i 2010.

Mars 2008, heile meierikomplekset er jamna med jorda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mars 2008, heile meierikomplekset er jamna med jorda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storehagen Atrium i oktober 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storehagen Atrium i oktober 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.10.2011