Hopp til innhold
X
Innhald

Førde på spedalsktoppen

Nilla Josephsdotter frå Førde sokn var mellom dei som vart råka av lepra. Teksten på biletet fortel at ho er 23 år.

Nilla Josephsdotter frå Førde sokn var mellom dei som vart råka av lepra. Teksten på biletet fortel at ho er 23 år.

Lepra, eller ”spillsykja” som den vart kalla på folkemunne, var den store farsotten på Vestlandet fram til bergenslegen Gerhard Henrik Armauer Hansen (1841-1912) oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873, og ein fekk bukt med sjukdomen.

Distriktet mellom Bergen og Romsdal hadde over halvparten av alle spedalske i landet, og i Sunnfjord var Førde prestegjeld hardast råka. I 1857 vart det talt 109 spedalske i prestegjeldet: I Førde sokn var det 26 spedalske, i Naustdal 58 og Vevring 25. Det vil seie at tre prosent av innbyggjarane var råka av den forferdelege sjukdomen.

Les meir i artikkelen Spedalsksjuka - lepra under Naustdal kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.11.2010