Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Samyrkelag

Forretningsbygget som Førde Samyrkelag reist i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget som Førde Samyrkelag reist i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kooperasjonen i Sogn og Fjordane har sidan januar 2008 vore organisert i Coop Vest BA som har 83 butikkar frå Lærdal i sør til Hareid i nord. Coop Vest har kring 1000 tilsette og har hovudsetet sitt i Førde. Samlingsprosessen til den fylkesdekkjande butikkjeden har opphavet sitt i Førde Samyrkelag.

Førde Samyrkelag vart grunnlagt i 1936. I 1960 bygde laget det som no er fasadebygget på laget si forretning i sentrum sør, og i 1978 opna varehuset Domus på Skorpa nord for Langebrua. Førde Samyrkelag dreiv frå 1975–1996 også ein filial på Sunde.

Hausten 2007 opna Coop eit varehus – Coop Extra - på 8200 kvadratmeter på Brulandsvellene i Førde.

Frå lokallag til Coop Sogn og Fjordane

Førde Samvirkelag har sidan slutten av 1970-talet teke over drifta av dei fleste lokale samvirkelaga i Sogn og Fjordane - med unntak av dei nordre lutane av Nordfjord, der Coop Nordfjord og Sunnmøre med administrasjonsstad i Volda er dominerande.

Coop Mega. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Mega. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Samanslåingane skjedde slik:

  • Vassenden i 1976
  • Vadheim i 1977
  • Askvoll i 1982
  • Domus Sandane i 1989
  • Naustdal og Kalland samvirkelag i 1993
  • Florø i 1995
  • Svelgen i 1996
  • Kjøp av Vereide Matsenter på Sandane i 1996, omgjort til Prix-butikk
  • Kjøp av varehuset P.A. Sølvberg i Askvoll i 1998
  • Breim Samvirkelag i 1999
  • Teina Mat på Reed i Breim i 2000
2000 endra samvirkeorganisasjonen namn frå Førde Samyrkelag til Coop Sogn og Fjordane.

Coop Indre Vestland med

I 2000 gjekk Sogn Samvirkelag saman med samvirkelaga i Årdal og Voss inn i Coop Mega Indre Vestland BA (sjå denne, Sogndal kommune), men etter store økonomiske problem, vart Coop Mega Indre Vestland i 2004 delt: Forretningane i Sogn og Fjordane, med unntak av Flåm, vart lagde under Coop Sogn og Fjordane, medan dei øvrige fem gjekk inn i Coop Hordaland. Coop Brekke kom med i 2006.

Coop Extra på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Extra på Brulandsvellene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Vest BA

Den 1. januar 2008 vart Coop Nor-Sunn, som har forretningar i Nordfjord og på Sunnmøre, slege saman med Coop Sogn og Fjordane til Coop Vestland BA. Den nye eininga har i alt 83 butikkar frå Hareid i nord til Lærdal i sør og har og kring 1000 tilsette. Coop Vest har hovudkontor i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2010