Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Sementvarefabrikk AS

Førde Sementvarefabrikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sementvarefabrikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Karl Opseth.

Karl Opseth.

Førde Sementvarefabrikk på Bruland er ei av dei største industriverksemdene i Førde og vart grunnlagt i 1930 av Karl Opseth (1896-1964) frå Førde - sjå Kjende personar i Førde fødde år 1890-1920. I dag har sementvarefabrikken avdelingar fleire stader i Noreg.

Fabrikken heitte dei første åra ”Cementvarefabrik” og heldt til i ei lita bu ved dampskipskaia på Steinen. Sanden vart henta frå eit sandtak på Vie. Hovudproduktet var sementrøyr, men han forsøkte seg også på takstein, kumringar og gravmonument. Kundar var m.a. kommunar i vestlandsfylka og byggevarefirma i Bergen og Florø. Karl Opseth dreiv også som anleggsentreprenør på 1930-talet og hadde opptil 18 mann i slikt arbeid. Under 2. verdskrig tok han også store byggjeoppdrag for okkupasjonsmakta, noko Karl Opseth vart idømt ei bot på 3.000 kroner for av Høgsterett.

Folkeaksjon gav nytt fabrikkbygg

I 1950 vart det bygt ny fabrikk på Steinen. I etterkrigsåra var det svært vanskeleg å få lån til nye industritiltak. Men Karl Opseth sende ut eit bøneskriv om hjelp til sambygdingane og fekk 116 privatpersonar i Førde til å skyte inn kapital for å reise den nye fabrikken. Opseth betalte seinare tilbake dei lånte pengane til kvar einskild. I 1955 vart kapasiteten ved fabrikken på Steinen tredobla.

Førde Sementvarefabrikk på Steinen, før flyttinga til Bruland. Foto: Reiakvam.

Førde Sementvarefabrikk på Steinen, før flyttinga til Bruland. Foto: Reiakvam.

Familieverksemd i tre generasjonar

Sønene John Opseth, f. 1926, og Kåre Opseth, f. 1928, tok til å arbeide ved fabrikken til faren på 1940-talet, og tok over leiinga på 1960-talet. Den eldste sonen til John, Kurt Opseth, hadde nokre år den daglege leiinga av selskapet før Kåre sin son, Lasse Opseth, tok over som adm. dir. i 1994.

Førde Sementvare slik fabrikken tek seg ut frå Førdsnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sementvare slik fabrikken tek seg ut frå Førdsnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ny fabrikk på Bruland

I 1961 overtok Førde Sementvarefabrikk 2/3 av aksjane i den lokale konkurrenten Ny Ideal Betongvarefabrikk A/S som John Farsund og Anders Bolseth hadde starta i 1952. I 1964 overtok fabrikken resten av aksjane. I 1968 bygde Førde Sementvarefabrikk ny fabrikk på Bruland, der det er store sandforekomstar. Fabrikken vart utvida i 1974. Firmaet skifta namn til Førde Sementvare. I åra mellom 1967 og 1997 var Førde Sementvare stor produsent av oljegrus. I 1990 gjekk Førde Sementvare saman med A/S Veidekke og skipa selskapet Førde Asfalt A/S, som bygde eit stort asfaltverk ved industrikaia på Øyrane, men Førde Sementvare trekte seg ut i 1997. I dag er det Kolo Veidekke AS som driv anlegget. Førde Sementvare eig ei verdfull tomt sør for E39 i Førde sentrum, og her bygde selskapet ein treetasjes kombinert forretningsgard og husvære i 2000.

Kolo Veidekke på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kolo Veidekke på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mislukka satsing i Naustedalen

I 1975 bygde Førde Sementvare også ein fabrikk for bygningsstein og bygningselement ved sandtaket Jubrauta i Naustedalen. Fabrikken hadde på det meste 15 tilsette. Men elementproduksjonen lønte seg ikkje og vart lagd ned i 1989. Fabrikken i Naustedalen heldt fram med vanleg blokksteinproduksjon fram til 1993. Då vart den stengd for godt, og drifta av sandtaket i Jubrauta gjekk over til andre. I 1997 kjøpte sementvarefabrikken Ferdigbetong AS på Vie frå Hjelmeland-familien. I 2001 vart Førde Sementvarefabrikk slege saman med Sunnfjord Betong AS.

Den nedlagde fabrikken i Jubrauta i Naustedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den nedlagde fabrikken i Jubrauta i Naustedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppkjøp i Sør-Noreg

I 1989 kjøpte Førde Sementvare konkursbuet Nye Spjelkavik Cementvare ved Ålesund og skipa selskapet Vest Betong AS. Men heller ikkje her lønte verksemda seg, og fabrikken, som produserte såkalla kommunalvarer, vart lagd ned i 1992. Førde Sementvare har ekspandert sterkt på 1990-talet gjennom oppkjøp av sementvarefabrikkar i Trondheim, Vinstra, Vingrom og Blaker. Trondheimsfirmaet Spenncon si vatn og avløpsprodukt-avdeling vart kjøpt i 1999, og same året vart Gudbrandsdal Betongvareindustri AS kjøpt opp. Heile industrigruppa innan såkalla ”kommunalvarer” er slegen saman i eitt selskap som heiter BetoNor AS, og dette er 100 prosent eigd av Opseth Invest AS med Lasse Opseth som administrerande direktør. Førde Sementvare eig også 50 prosent av Fjordbetong i Florø. I 2011 kjøpte eigarselskapet til Førde Sementvare AS, Sunnfjord Betong, Totlands Sementvarefabrikk på Nordfjordeid (sjå Forretningsfamilien Totland).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2011