Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Tekniske Fagskule

Fagskulen har i mange år leigd lokale i Dragebygget på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fagskulen har i mange år leigd lokale i Dragebygget på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Tekniske Fagskule vart starta i 1968 etter initiativ frå rektor Erling Laberg ved Førde Yrkesskule.

Fagskulen var frå starte toårig, og vart driven som ei avdeling under yrkesskulen fram til 1986, då den vart utskild som eigen skule.

Fagskulen heiter no Fagskulen i Førde og har dei dei siste åra fått utvida fagkrins, m.a. med studieline for psykisk helsearbeid.

Førde Tekniske Fagskule held til i leigde lokale på Kronborg, men i 2010 la skulen fram planar om å byggje eigen skulebygning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2010