Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Ungdomskorps

Dette er truleg Førde Musikklag etter at laget kom i gang att i 1929. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Dette er truleg Førde Musikklag etter at laget kom i gang att i 1929. Foto: Olai Fauske. © Sunnfjord Muséum/Fylkesarkivet.

Førde Hornmusikklag vart skipa i 1907. Laget dreiv godt dei første åra, men vart lagt ned i 1920.
Korpset vart skipa på nytt i 1929, det heitte ei tid Førde Musikklag, før det i 1974 bytte namn til Førde Ungdomskorps.

I 1931 vart det skipa eige gutekorps som skulle auke rekrutteringa til hovudlaget. Gutekorpset heldt óg eigne konsertar, og juniormusikken fekk etter ei tid også jenter med på laget. Denne ungdomsgruppa la grunnlaget for skiping av Førde Skulemusikkorps i 1968.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.12.2010