Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Vulkaniseringsverk

Førde Vulk på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Vulk på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Vulkaniseringsverk - Førde Vulk - vart grunnlagt i 1949 av bergensaren Berge Selvik. Selvik heldt til i eigen verkstad på Hafstad fram til 1983, då verksemda flytta til nye lokale på Halbrendsøyra. Der har firmaet 3500 kvadratmeter med kontor, lager og verkstad til disposisjon.

Førde Vulk hadde i år 2009 ei omsetning på 55 millionar kroner, og verksemda har 20 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2010