Hopp til innhold
X
Innhald

Førdehuset

Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Då Førdehuset vart opna i 1976, var det eitt av dei største kulturhusa i Noreg med 12.000 kvadratmeter golvflate. Førdehuset vekte oppsikt langt ut over landegrensene fordi det var det første bygget der ein samla så mange ulike kulturaktivitetar under same tak.

I samband med at Førde vart utpeika som vekstsenter i 1965, starta kommunen planlegging av eit idretts- og samfunnshus. Etter kvart kopla tunge statsinstitusjonar seg på, og ideen om Førdehuset tok form.

Pionérprosjekt

Førdehuset stod ferdig i 1976. Det var teikna av arkitekt Peder Ristesund, og det vart eit pionérprosjekt i regional kultursatsing som vekte internasjonal merksemd. På eit areal på vel 12.000 kvadratmeter, og med felles inngang, kunne ein finne konsert- og utstillingssalar, kino, fylkesbibliotek, Sogn og Fjordane Teater, kunstnaratelier, vevstover, sakralrom for kyrkja, NRKs avdelingskontor, idrettshallar, symjehall. I tillegg vart det bygt to store idrettsbaner utandørs.

Førde Stadion med Førdehuset i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Stadion med Førdehuset i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstnargrupper

Etter fleire kulturkonferansar, store folkemøte og utgreiingar, gjekk både Riksteatret, Riksgalleriet og Rikskonsertane inn for å etablere lokale kunstnargrupper i Førdehuset.

Første NRK-kontoret i fylket

NRK hengde seg på med Smeland-utvalets framlegg om nærradio i Førde, som etter ein «modningsprosess» enda opp med avdelingskontor og seinare (1979) eige distriktskontor i Sogn og Fjordane; NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Teater

Av dei andre kulturelle «desentraliseringsideane» kring Førdehuset var det berre regionteateridéen som vart realisert med Sogn og Fjordane Teater i 1977. Kunstskulen har basert drifta på tilreisande biletkunstnarar som lærarar. Region-musikar-ordninga vart skipa nokre år seinare, og etter ein annan desentralisert modell.

Stor utviding av idrettsdelen

I 1996 vart Førdehuset utvida med 5000 kvadratmeter - m.a. ein storhall for idrett og symjehall med vass-sklie. Sogn og Fjordane Teater fekk eigen teatersal, og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter flytta frå kjellarlokale i Røde Kors-bygget til nye utstillingslokale i Førdehuset. Førdehuset er eitt av dei største kulturbygga i landet, med 17.000 kvadratmeter golvflate.

I Førdehuset har det m.a. vore arrangert landskampar i handball. Dette biletet er frå ein kamp mellom Noreg og Ungarn. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

I Førdehuset har det m.a. vore arrangert landskampar i handball. Dette biletet er frå ein kamp mellom Noreg og Ungarn. Foto: Øyvind Torvund, NRK.

Les meir om: kulturinstitusjonar i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.01.2014