Hopp til innhold
X
Innhald

Førdeveksten kravde betre veg til Oslo

Vegen mellom Balestrand og Kongsnes vart opna i 1971. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen mellom Balestrand og Kongsnes vart opna i 1971. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I samband med at Førde vart peika ut som vekstsenter i 1965, vart planen om bygging av veg langs midtre del av Sognefjorden framskunda, slik at vekstsenteret skulle få betre veg til Austlandet.

Korkje gamle Strynefjellsvegen eller Gaularfjellsvegen stetta krava til heilårssamband austover. Heller ikkje gjennomgangsferja på Sognefjorden frå Nordeide og innover til Lærdal var ei tenleg løysing dersom Førde skulle trekkje til seg ny industri. Det var særleg Akergruppen, som på 1960-talet gjekk med store planar om å byggje ein motorfabrikk i Førde, som skunda på eit betre vegsamband frå Førde mot Austlandet.

Det var dette presset frå Akergruppen og Førde som gjorde at riksvegen frå Balestrand og vestover til den nye ferjekaia på Kongsnes vart forsert og vart opna i 1971. Frå Kongsnes gjekk det ferje vestover til riksvegtilknytinga på Nordeide. Ferja Kongsnes-Nordeide vart avløyst av den 7543 meter lange Høyangertunnelen i 1982.

- Les meir om kampen mellom Fjærlandslina og Høyangerlina som tverrsamband gjennom fylket under Jølster og Høyanger kommunar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.11.2010