Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Berge

Denne VW-bobla var den første bilen Erling Berge selde. Det skjedde i 1954 og var på ein måte starten på bilbyen Førde. Kjøpar var Kristian Sandsmark, som vi ser saman med kona Ragnhild. Biletet er ikkje teke då Sandsmark kjøpte bilen, men ved ei markering noko seinare. Sandsmark fekk då dei fire koffertane av Berge & co. Privat foto, utlånt av Berge & co.

Brørne Erling og Ivar Berge kom på same vis som forretnings-familien Hjelmeland frå Bygstad i Gaular kommune. Berge-namnet er først og fremst knytt til bilmerket Volkswagen i Sogn og Fjordane.

Bygstad Hotell på Kviteneset i 1910. Foto: O. Fauske. Eigar: Olga Helene Fauske/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bygstad Hotell på Kviteneset i 1910. Foto: O. Fauske. Eigar: Olga Helene Fauske/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotell og tønner

Berge-brørne kom frå ein familie som hadde drive både hotell, landhandel og tønnefabrikk på Kviteneset i Bygstad. Også broren Knut var ei tid engasjert i forretningsaktivitetane i Førde. I 1897 kjøpte brørne Ivar og Knut Berge eigedomen Kviteneset frå garden Leirvik i Osen og starta tønnefabrikasjon.

Knut Berge brukte nokre år den tidlegare tønnefabrikken på Kviteneset til plastbåtproduksjon. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Knut Berge brukte nokre år den tidlegare tønnefabrikken på Kviteneset til plastbåtproduksjon. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Like etter 1900 starta sonen til Ivar Berge, Johannes Berge, Bygstad Hotell på Kviteneset. Hotellet vart drive til ut på 1930-talet, og tok m.a. imot engelske laksefiskarar. Familien dreiv også landhandel på Kviteneset, og Fylkesbaatane hadde ei tid anløp der m.a. for å laste tønner frå fabrikken.

Kviteneset med den gamle tønnefabrikken til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kviteneset med den gamle tønnefabrikken til venstre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Grillen

Forretningane til Berge-brørne i Førde har først og fremst vore prega av Erling Berge men også broren Ivar Berge (1916–1990) har sett merke etter seg. Han var disponent i Førde Handelslag, som frå 1934 og nokre år heldt til i eigdomane som svigerfaren Nils J. Flom hadde bygd på Hafstad. Ivar Berge reiv den store forretningsgarden Flomstunet i 1963 og reiste nytt forretningsbygg som m.a. husa hans eigen ”Grillen kafé” som var ein populær samlingsstad i bygda til langt fram på 1990-talet. Bygget vart sidan overteke av Bjørn Solheim m.fl. som i dag driv Førde Motell i bygget.

VW-Berge

VW-Berge

Den yngre broren Erling (fødd 1922) kom til Førde som disponent for Førde Sport (sjå Forretningsfamilien Grønfur) frå 1947 til 1954, då han starta si eiga forretning. Erling vart fylkesforhandlar av Volkswagen, og den populære og rimelege VW-bobla gjorde Berge & Co. på kort tid til fylkets største bilforhandlar.

Verkstadhall og nye bygg

Verkstadhall og nye bygg

Erling Berge bygde ein stor verkstadhall i Førde sentrum i 1960. Hallen vart utvida i 1964. ”Bergegården” like ved vart bygd i 1970 og seinare utvida. ”Bergehallen” (som m.a. husar noverande politistasjon) vart bygd i 1974 og seinare utvida. I 1980 kom ”Bergehuset” på Kronborg. Dette bygget er på 10.500 kvadratmeter, og i tillegg til eiga bilforretning husa det frå starten andre forretningar og i fleire år Førde gymnas før skulen vart flytta til eige bygg på Hafstad ogfekk namnet Hafstad vidaregåande skule.

Berge & Co. har avdelingar i Sogndal, Årdal, Florø, Stryn og Måløy og forhandlar i 2010 bilmerka Volkswagen, Audi og Skoda. I 2011 omsette Berge & Co for vel 329 millionar kroner og hadde eit driftsresultat på nesten 15 millionar kroner. Då Berge & Co runda 60 år i 2014 hadde firmaet selt til saman 40.000 bilar.

Bergegården i Førde sentrum vart bygd i 1970. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergegården i Førde sentrum vart bygd i 1970. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bergehallen som vart bygd i 1974, husar i 2010 m.a. ein bruktbilforretning som sonen til Knut Berge, Johannes Berge, driv, i tillegg har lensmannskontoret lokale her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Bergehallen som vart bygd i 1974, husar i 2010 m.a. ein bruktbilforretning som sonen til Knut Berge, Johannes Berge, driv, i tillegg har lensmannskontoret lokale her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Berge & Co på Kronborg i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berge & Co på Kronborg i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.06.2015