Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Hjelmeland

Hjelmelandsgården i Førde med m.a. Fjordane Tingrett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjelmelandsgården i Førde med m.a. Fjordane Tingrett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hjelmelands-familien frå Bygstad har spela ei sentral rolle i utviklinga av Førde heilt sidan tidleg på 1950-talet. Dei fire syskena Gunnar (1923-1978), Andreas f. 1928, Finn (1932-1995), Signe Hjelmeland Bruland f. 1936 og yngstemann Fritz f. 1939, har som entreprenørar, forretningsfolk og som eigarar av store handelshus og forretningsgardar skapt mykje av det Førde som folk kjenner i dag.

Andreas Hjelmeland

flytta etter nokre år som murmeister i Bergen til Førde i 1949, og bygde på få år opp den største entreprenørforretninga i Sogn og Fjordane. Første store oppdraget i Førde var bygging av Førde Meieri som stod ferdig i 1954. I 1950 bygde han sitt første forretningsbygg i sentrum (der m.a. Dressmann og Fretex-butikkar har halde til), og i 1960 forretningsbygget Førde Varehus, som seinare har vorte utvida mange gonger og husar kommuneadministrasjonen i byen.

Førde Varehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Varehus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1968 overtok Andreas Hjelmeland alle aksjane i den kombinerte møbel- og utstyrsforretninga Førde Varehus som til då hadde vorte driven av Audun Hukset.

Eige fly

I 1957 kjøpte Andreas Hjelmeland som den første i fylket eige fly, og i 1966 skipa han Førdefly som med sjøfly m.a. dreiv avisflyging og charterflyging med daglege ruter på Bergen (sjå samferdsle). Andreas Hjelmeland bygde eigen hangar og sjøflyhamn på Øyrane. Hjelmeland spela ei sentral rolle då småflyplassen på Øyrane vart bygd i 1971, og hangarbygget tente som stasjonsbygning med kontrolltårn for småflyplassen heilt til den nye flyplassen på Bringeland vart opna i 1986.

Flytårnet på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Flytårnet på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andreas Hjelmeland bygde også lager og forretningsbygg i Halbrendslia (noverande Førde Bygg AS) og forretningshuset Fokusgården i sentrum sør i 1972. Andreas Hjelmeland var i lang tid den største entreprenøren i Sunnfjord og har bygd ei mengd store forretningsbygg, fabrikkar og skular kringom i heile fylket.

Andreas har overlate drifta av eigedomane til sønene Frank Hjelmeland fødd 1951 og Arle Hjelmeland f.1958. Frank har m.a. utvida Førde Varehus mykje sidan han tok over, og Arle bygde i år 2000 det karakteristiske restaurantbygget Pikant ved Langebrutorget i sentrum sør.

Pikant. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Pikant. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gunnar og Finn Hjelmeland

starta i 1957 G & F. Hjelmelands entreprenørforretning, som var den største i sitt slag i fylket på 1970- talet.

Fritz Hjelmeland

arbeidde ei tid i Amerika før han i 1960 tok arbeid i brørne Gunnar og Finn si entreprenørforretning i Førde.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2012