Hopp til innhold
X
Innhald

Første hesteutstillinga i Førde

Hesteutstillingar har vore ein del av Førde sidan 1864. Johannes Vie har vore ein sentral person i fjordhestmiljøet. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Hesteutstillingar har vore ein del av Førde sidan 1864. Johannes Vie har vore ein sentral person i fjordhestmiljøet. Foto: Ronny Brede Aase, NRK.

Den første hesteutstillinga på Vestlandet vart halden i Førde i 1864. Utstillinga vart halden på Toene, like ved kyrkja på Skei. – Les elles meir om hesteavlen i Sogn og Fjordane i eigne artiklar under Sogn og Fjordane fylke.

I 1913 vart det arrangert stor fylkeslandbruksutstilling i Storehagen.

Sogn og Fjordane Landbruksselskap skipa til stor jubileumsutstilling i Førde i 1964. I samband med denne utstillinga vart Utstillingshallen på Festplassen bygd m.a. for å tene som hestestall ved utstillingar. Utstillingshallen vart m.a. nytta til dyreutstillingar heilt fram til den vart riven i 2006.

På slutten av 1980-talet bygde hestefolket eiga travbane på Mo jordbruksskule.

Frå eit fesjå i Storehagen på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Fylkesarkivet.

Frå eit fesjå i Storehagen på 1920-talet. Foto: Olai Fauske. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.12.2010